Publisert 23. mars 2018
– For første gang på 3 år er det færre enn 8 000 heilt arbeidslause i Rogaland, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.
Sesongjustert arbeidsløyse i Rogaland. Mars 2016 - mars 2018
Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.
7 848 personar var heilt utan arbeid i Rogaland i mars. Jamført med mars 2017 er dette ein nedgang på 31 prosent. Rogaland har dei siste månadane hatt ein større prosentvis nedgang i arbeidsløysa enn andre fylker. 2 322 arbeidssøkjarar deltok i eit arbeidsretta tiltak i mars. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 10 170 personar, tilsvarande 4,0 prosent av arbeidsstyrka. På same tid i fjor var bruttoarbeidsløysa 14 088 personar, tilsvarande 5,4 prosent.
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Bruttoarbeidsløysa i mars er størst i Hjelmeland med 7,2 prosent. Årsaka til dette er kortvarige permitteringar i ei havbruksverksemd. Av dei større kommunane er bruttoarbeidsløysa størst i Sandnes og Sola med 4,6 prosent. I Stavanger, Haugesund og Karmøy er det høvesvis 4,3 prosent, 3,9 prosent og 3,4 prosent bruttoarbeidsløyse.
Alle yrkesgruppene har nedgang i arbeidsløysa samanlikna med mars 2017. Nedgangen i arbeidsløyse er størst for arbeidssøkjarar innan Ingeniør- og ikt-fag (- 51 prosent), Industriarbeid (- 44 prosent), Akademiske yrker (- 35 prosent) og Bygg og anlegg (- 32 prosent).
Utlyste stillingar
I alt vart det lyst ut 2 296 ledige stillingar i Rogaland i mars. Om lag 50 prosent av dei ledige stillingane vart lyst ut i Stavanger. 82 prosent av dei utlyste stillingane er på Nord-Jæren.
Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i Rogaland denne månaden var helse, pleie og omsorg (446), bygg- og anlegg (360), ingeniør- og ikt-fag (336), industriarbeid (264) og Butikk- og salsarbeid (204).
Arbeidsmarknaden i Rogaland: mars 2017 samanlikna med mars 2018
Nøkkeltal | Mars 2017 | Mars 2018 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 11 362 (4,4 %) | 7 848 (3,1 %) |
Arbeidsretta tiltak | 2 726 (1,0 %) | 2 322 (0,9 %) |
Bruttoarbeidsløyse** | 14 088 (5,4 %) | 10 170 (4,0 %) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 2 945 | 1 965 |
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir) | 6 178 | 4 194 |
Delvis ledige | 4 668 (1,8%) | 3 495 (1,4 %) |
Utlyste stillingar | 1 695 | 2 296 |
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontrakts-periodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa