25 055 personar er registrert som heilt utan arbeid ved utgangen av mars i Rogaland, i følgje tal frå NAV. Det utgjer 9,9 prosent av arbeidsstyrken i fylket. I tillegg er 8 761 personar registrert som delvis utan arbeid. Det er 3,5 prosent av arbeidsstyrken og 6 454 fleire enn i februar 2020. 

Totalt er det registrert 34 724 arbeidssøkarar i Rogaland. 

I Noreg er 300 634 registrert som heilt utan arbeid. På landsbasis er delen heilt arbeidslause på 10,7 prosent. Rogaland er dermed 0,8 prosent under landsgjennomsnittet. Den kraftige auken i arbeidsløysa starta i veke 11.

Bruttoarbeidsløysa, som er summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar i tiltak, var på 25 963 personar, eller 10,3 prosent av arbeidsstyrken. 

– Sidan førre publisering av arbeidsløysetal tysdag 24.mars, ser vi at delen heilt arbeidslause er stabil, medan det er fleire delvis arbeidslause. Det kjem av at nokon av dei som registrerte seg i starten av koronapandemien, har meldt på meldekortet sitt at dei jobbar litt, forklarer Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.

– Majoriteten av arbeidssøkarane er permitterte, og dei skal i utgangspunktet tilbake til jobben sin. For mange bedrifter er det ein uavklart situasjon. På grunn av koronasituasjonen og dei ulike tiltaka styresmaktene har satt i verk, er det ein del verksemder som har lågare aktivitet og difor berre har delvis permittert dei ansatte.

Difor ser vi òg ein stor auke i delvis arbeidslause personar, fordi mange får jobbe litt hos arbeidsgjevaren sin, seier Haftorsen.

Høgast arbeidsløyse blant unge 

Arbeidsløysa aukar i alle aldersgrupper, men aukar mest blant unge. Høgast arbeidsløyse finn vi blant unge mellom 20 og 24 år, med 15,5 prosent. 

Arbeidsløysa har auka voldsomt i alle næringar, men auka er størst blant leiarar, innan butikk- og salsarbeid, reiseliv og transport og serviceyrke og anna arbeid. Nær 12 400 av dei heilt utan arbeid kjem frå jobbar i desse næringane.    

Når det gjeld arbeidsløyse fordelt på kjønn, er det litt fleire menn enn kvinner. 13 766 menn er heilt ledige, medan 11 289 er kvinner.

– Mange enkeltpersonar, familiar og bedrifter har fått kvardagen snudd opp ned. Vi har stor forståing for at mange er bekymra for framtida, både med tanke på arbeid og inntekt. I NAV blir det jobba på spreng for at alle skal få pengane dei har krav på. Det er gledeleg å sjå at løysinga med å søke forskudd på dagpengar, fungerer bra, seier Haftorsen.

Høgast arbeidsløyse i byområda

Arbeidsløysa er høgast i dei større byområda i fylke. Stavanger, Haugesund og Sandnes har ei bruttoarbeidsløyse på høvesvis 11,9, 11,3 og 11,2 prosent av arbeidsstyrken. 

– Arbeidsløysetala gjenspeilar på mange måtar kva for ein krevjande situasjon mange bedrifter står i etter at samfunnet vart delvis stengd ned 12. mars grunna utbrotet av koronaviruset.

Samstundes er det mange verksemder som snur på kvar stein for å halde sine tilsette i jobb. Nokon av permitteringsvarslane vi har fått, er ikkje iverksatt. Vi ser òg at ein del varslar blir trukket tilbake.

3 195 utlyste stillingar 

Totalt vart det lyst ut 3 195 stillingar i mars. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var bygg- og anlegg (551), helse, pleie og omsorg (520) og ingenniør og IKT-fag (467).

– Framleis er det bransjar som treng arbeidskraft. Særlig veit vi at behovet innenfor helse, pleie og omsorg vil bli stort fremover. Vi oppfordrer alle arbeidsøkarar til å registrere CV og jobbprofil hos oss, slik at arbeidsgjevarar som treng nye medarbeidarar, finn folk med riktig kompetanse, seier Haftorsen.