Ved utgangen av juni var 23 478 personar registrert som arbeidssøkarar i Rogaland. Dette er 6 789 færre enn i mai. Av desse er 12 218 personar heilt utan arbeid, ein nedgang på 3 615 samanlikna med mai månad. Arbeidsløysa blant personar heilt utan arbeid utgjer i  juni 4,8 prosent av arbeidsstyrken.

10 563 personar (4,1 prosent) var delvis utan arbeid, ein reduksjon  på 3 044 personar samanlikna med forrige månad. 697 personar (0,3 prosent) var registrert på arbeidsretta tiltak. Dette er 130 færre enn i mai.

Unge arbeidslause

Per  juni er 5 730 personar mellom 16 år og 29 år i Rogaland heilt eller delvis utan arbeid. Det er ein nedgang på 1 835 personar samanlikna med mai månad. – Dette er gledelig ettersom arbeidsløysa har vore høgast  for denne aldersgruppa gjennom heile koronaperioden. Butikk og salsarbeid er ein av dei yrkesgruppene som frå og med mars har hatt svært mange unge arbeidslause, men no ser vi at stadig fleire butikkar opnar og går tilbake til ordinær drift, seier Gustav Svane.

Sola og Stavanger har høgast arbeidsløyse 

Sola kommune har høgast arbeidsløyse med 5,7 prosent, medan i Stavanger er arbeidsløysa 5,5 prosent. I Eigersund og Haugesund er arbeidsløysa 5,1 prosent. Lågast arbeidsløyse av kommunane i Rogaland har Kvitsøy, Sauda og Suldal med høvesvis 1,4 prosent, 1,7 prosent og 1,9 prosent. – Desse kommunane nærmar seg ei arbeidsløyse blant dei heilt utan arbeid, som dei hadde før koronakrisa starta i midten av mars, seier Gustav Svane. 

– Framleis er det reiseliv og transport som er hardast ramma av høg arbeidsløyse som følgje av koronapandemien, og dette til tross for ein markant reduksjon den siste tida, fortel Svane.  Per juni er det 1 790 personar som er heilt arbeidslause innan denne yrkesgruppa, og det er ein reduksjon på 917 personar samanlikna med utgangen av mai. Elles er det i juni flest heilt utan arbeid innan industriarbeid (1 491), bygg og anlegg (1 397) og butikk og salsarbeid (1 364).

3 027 utlyste stillingar 

Totalt vart det lyst ut 3 027stillingar i juni, ein nedgang på 37 prosent samanlikna med juni 2019.  Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i juni var bygg og anlegg (626), helse, pleie og omsorg (591) og helse, pleie og omsorg, og industriarbeid (324).

 

Nøkkeltal 

Juni 2020
Heilt utan arbeid 16 – 67 år 12 218 (4,8%)
Arbeidsretta tiltak 697 (0,3%)
Bruttoarbeidsløyse 12 915 (5,1%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år 3 359 (5,4%)
Langtids-arbeidssøkarar (26 veker eller meir) 3 298 
Delvis arbeidslause 10 563 (4,1 %)
Utlyste stillingar 3 027

 

Arbeidsmarked juni 2020 kart.jpg

 

Meir statistikk finn du under relatert innhald.