– I oktober er det reduksjon i arbeidsløysa for alle yrkesgrupper, samstundes som det blei utlyst over 3 400 stillingar. Det er også i oktober ein stor auke i ledige stillingar for ingeniør og ikt – fag, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.

Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Oktober 2016 – oktober 2018

Graf oktober

Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.

Ved utgangen av oktober var 6 062 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette er 27 prosent færre enn på same tid i fjor. Det var 1 687 arbeidssøkjarar som var deltakar i eit arbeidsretta tiltak, og dette er ein nedgang på 31 prosent samanlikna med oktober 2017. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 7 749 personar, tilsvarande 3,1 prosent av arbeidsstyrka. – Dette er den lågaste arbeidsløysa i Rogaland siden januar 2015, fortel Merethe P. Haftorsen.

Færre arbeidslause i alle yrkesgrupper

Det er i oktober nedgang i arbeidsløysa i alle yrkesgrupper. Nedgangen er størst innan ingeniør- og ikt- fag (- 52 prosent), bygg- og anlegg (- 45 prosent) og industriarbeid (- 39 prosent). Det er også stor nedgang i arbeidsløysa for dei med bakgrunn som meglare og konsulentar (-35 prosent) og for kontorarbeid (- 25 prosent).

Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa

Det er fortsat skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst bruttoarbeidsløyse er det i Sola og Stavanger der bruttoarbeidsløysa** i oktober er på 3,6 prosent . På Haugalandet er det Haugesund som har høgast bruttoarbeidsløysa med 3,5 prosent. Kommunane med lågast bruttoarbeidsløyse er Suldal, Bjerkreim og Lund med høvesvis 1,1 prosent 1,4 prosent og 1,5 prosent. 

3 434 utlyste stillingar

Totalt vart det lyst ut 3 434 stillingar i oktober. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var ingeniør- og ikt-fag (769), helse, pleie og omsorg (607) og bygg- og anlegg (509). Dei siste månadene har ledige stillingar innan ingeniør og ikt – fag auka for kvar månad, samstundes som det er størst reduksjon i arbeidsløysa for dei med ingeniør og ikt bakgrunn, fortel Merethe P. Haftorsen.

Arbeidsmarknaden i Rogaland: Oktober 2018 samanlikna med oktober 2017

Nøkkeltal

 

Oktober 2017

 

Oktober 2018

 

Heilt utan arbeid 16 – 67 år

 

 

11 408 (4,4 %)

 

 

6 062 (2,4%)

 

 

Arbeidsretta tiltak

 

 

  2 152 (0,8 %)

 

 

1 687 (0,7 %)

 

 

Bruttoarbeidsløyse**

 

 

13 560 (5,2 %)

 

 

7 749 (3,1 %)

 

 

Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år

 

 

  3 022

 

 

1 582

 

 

Langtids-arbeidssøkjarar

(26 veker eller meir)

 

 

  5 956

 

 

4 086

 

 

Delvis ledige

 

 

  4 310 (1,7 %)

 

 

2 899 (1,2 %)

 

 

Utlyste stillingar

 

 

  1 394

 

 

3 434

 

 

 

Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon. For fleire opplysningar og kommentarar; direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen, tlf 934 26 424.