– Arbeidsløysa er framleis høg i Rogaland, men dei siste månadene har vist fleire teikn til betring. Det er spesielt gledelig at arbeidsløysa går ned blant unge, og at NAV får inn mange oppdrag frå arbeidsgjevarar som skal bemanna opp, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland. – Vi gleder oss også over at talet med varslar om oppseiingar og permitteringar både i februar og i mars er på eit veldig lågt nivå. 

 

Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.

14 088 rogalendingar står utan jobb i mars. Dette gir ei bruttoarbeidsløyse** på 5,4 prosent. 2726 personar er i eit arbeidsretta tiltak via NAV i Rogaland og får gjennom dette tilført kompetanse som kan hjelpe dei vidare ut i jobb. Av dei som står registrert heilt utan arbeid hos NAV i Rogaland har 54 prosent søkt arbeid i 26 veker eller meir. Dette gjeld 6 178 personar. – For å betre denne krevjande situasjonen så er vi avhengig av at talet nye arbeidsplasser aukar i regionen, seier Truls Nordahl.

Det er nedgang arbeidsløysa i fleire yrkesgrupper. Størst nedgang har bygg- og anleggsbransjen, men tala visar og nedgang i arbeidsløysa for blant anna reiseliv og transport samt for industri.

Fleire eldre og færre unge heilt arbeidslauseSamanlikna med mars 2016 aukar arbeidsløysa for heilt ledige arbeidssøkjarar over 60 år med 15 prosent, medan for arbeidssøkjarar under 30 år så er det ein reduksjon på 17 prosent. 

Størst arbeidsløyse i Sandnes og i EigersundEigersund og Sandnes har i mars størst arbeidsløyse i Rogaland. Begge kommunane har ei bruttoarbeidsløyse** på 6,4 prosent. Sola har ei bruttoarbeidsløyse** på 6,1 prosent medan  Stavanger har 6,0 prosent.

1 695 ledige stillingarNAV registrerte i mars 1 695 ledige stillingar i Rogaland. Det var flest ledige stillingar innan  helse, pleie og omsorg (386), bygg og anlegg (219), akademiske yrke (139) og ingeniør og ikt fag (139).

Arbeidsmarknaden i Rogaland mars 2017 samanlikna med mars 2016:

Nøkkeltal

Mars 2016

Mars 2017

Heilt utan arbeid   16 – 67 år

12 101 (4,7 %)

11 362 (4,4 %)

Arbeidsretta   tiltak

1 698 (0,7 %)

2 726 (1,0 %)

Bruttoarbeidsløyse**

13 799 (5,4 %)

14 088 (5,4 %)

Unge heilt utan   arbeid 16 – 29 år

3 561

2 945

Langtids-arbeidssøkjarar   (26 veker eller meir)

5 114

6 178

Delvis ledige

4 751 (1,9 %)

4 668 (1,8%)

Utlyste stillingar

1 293

1 695