Ved utgangen av september 2020 fekk 10 434 personar i fylket AAP. Det utgjer 3,4 prosent av befolkninga i alderen 18 til 66 år. På landsbasis er delen 3,5 prosent. Talet personar som fekk arbeidsavklaringspengar har auka med 153 personar frå 2. kvartal til 3. kvartal. Frå årsskiftet til utgangen av september har auken vore på 564 personar.

Det er store kommunevise forskjellar i når det gjeld mottakarar av AAP i Rogaland. Lund kommune har høgast del med 4,6 prosent. Klepp og Karmøy har høvesvis 4,3 prosent og 4,0 prosent, medan Sandnes har 3,9 prosent og Haugesund 3,8 prosent. Lågast ligg Utsira med 1,7 prosent. Bokn har 2,5 prosent, medan Sola har 2,7 prosent. Vindafjord og Sauda har høvesvis 2,8 prosent og 2,9 prosent.

 – Det er førebels for tidleg å konkludere med kor stor innverknad koronasituasjonen har på auken i talet AAP-mottakarar i Rogaland. Men i mars vart det vedtatt ei regelverksendring om forlenging av stønadsperioden på grunn av koronasituasjonen ,for brukarar som nærma seg slutten på vedtaksperioden. Det tror vi har hatt ein effekt, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.

Auke blant unge

Ved utgangen av september er talet på mottakarar av AAP under 30 år på 2 421 personar. Det er ein auke på 121 personar.

– Vi jobbar målretta med unge vaksne som mottar arbeidsavkaringspengar. Dette er ei gruppe som har store moglegheiter for å komma seg inn på arbeidsmarknaden ved å auka kompetansen sin. Vi anbefalar dei ofte å auka kompetansen gjennom utdanning, kurs eller tiltak. På den måten kan vi bidra til at fleire kjem i jobb, seier Haftorsen.

Les også Svak auke i talet mottakarar av arbeidsavklaringspengar i 3.kvartal (nav.no). Saken visar til tal for Noreg.