Ved utgangen av oktober er 9 160 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Det er 3,6 prosent av arbeidsstyrken, viser ferske tal frå NAV.

Arbeidsløysa for landet er på 3,5 prosent for dei heilt utan arbeid. Bruttoarbeidsløysa, som inkuderer heilt arbeidslause og arbeidssøkarar på tiltak, er 4,0 prosent i Rogaland. 956 personar er i eit arbeidsretta tiltak i regi av NAV.

– Utviklinga i oktober har vore positiv ved at fleire kjem i arbeid og arbeidsløysa held fram med å gå nedover. Likevel er det enda mange som står heilt utan arbeid eller er delvis utan arbeid i fylket vårt. Mange er permitterte og veit ikkje om dei får kome tilbake til jobben sin att, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.

6 541 personar står delvis utan arbeid ved utgangen av månaden. Det er nedgang på om lag 600 personar samanlikna med september.

– Vurder mogligheitene dine

Arbeidsløysa fell i alle aldersgrupper. Høgast arbeidsløyse finn vi i aldersgruppa 20 til 24 år og 25 til 29 år, med 4,7 prosent i begge aldersgrupper.

– I lys av den utviklinga vi ser i samfunnet og kor stor innverknad koronapandemien har for enkelte næringar, så vil eg understreke kor viktig det er å gjere ein realistisk vurdering på om du trur du kjem tilbake til jobben din att, om du bør søkje ny jobb i andre bransjar og om du kan auke kompetansen din på eit område. Det er òg viktig at arbeidsgivarar gjer ei slik vurdering overfor permitterte arbeidstakarar, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.

Over 2 000 ledige stillingar

I oktober vart 2 298 stillingar lyst ut offentleg. Desidert flest stillingar vart lyst ut innan helse, pleia og omsorg med 490 stillingar. Bygg- og anlegg (362), ingeniør- og IKT (308) og butikk- og salsarbeid (180) er dei andre bansjene med flest kunngjorde stillingar. Samanlikna med oktober i fjor, er det ein nedgang på 20 prosent.

– Mange bedrifter opplever at dei har behov for arbeidskraft. Sjølv om det er nedgang samanlikna med i fjor, er det positivt at det var godt over 2 000 kunngjorde stillingar i oktober. I tillegg er det ein del stillingar som ikkje vert utlyst offentleg. I sum betyr det at arbeidsøkarar har stillingar å søke på, men det er ingen tvil om at konkurransen om jobbane er hard, seier Haftorsen.

Stavanger og Sola har høgast arbeidsløyse

Alle kommunar har nedgang i arbeidsløysa. Unnataket er Bokn. Høgast arbeidsløyse er det framleis på Nord-Jæren. Sola har høgast arbeidsløyse med 4,3 prosent heilt utan arbeid, medan Stavanger har 4,2 prosent. Sandnes har 4,1 prosent og Haugesund 3,8 prosent. Bokn, Suldal og Bjerkreim har lågast arbeidsløyse med høvevis 1,1 prosent, 1,4 prosent og 1,5 prosent.

Nedgang i dei fleste yrkesgrupper

Blant personar heilt utan arbeid er det nedgang eller stabilt i alle yrkesgrupper. 

– Nedgangen er størst innanfor bygg- og anlegg, butikk- og salsarbeid og reiseliv og transport. Samstundes er dette yrkesgruppene kor flest er heilt utan arbeid. Reiseliv og overnatting er ei gruppe vi i NAV er særleg bekymra for, seier Haftorsen.

Nøkkeltal Oktober 2020
Heilt utan arbeid 16 – 67 år 9 160 (3,6%)
Arbeidsretta tiltak 956 (0,4%)
Bruttoarbeidsløyse** 10 116 (4,0%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år 2 479
Langtids-arbeidssøkarar  (26 veker eller meir) 5 907
Delvis utan arbeid 6 541 (2,6%)
Utlyste stillingar 3 311