– Utsiktene på arbeidsmarknaden i Rogaland er gode nå samanlikna med åra vi har bak oss. Fleire arbeidsgjevarar har behov for nye medarbeidarar og mange ledige stillingar vart lyst ut, også i juni, seier Merethe P.Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.

Justert for *sesongvariasjonar held arbeidsløysa seg stabil i juni samanlikna med mai 2019.

Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Juni 2017 – Juni 2019:

 

graf arbeidsløyse juni 2019

 Tala under er ikkje sesongjustert.*

I Rogaland er delen heilt utan arbeid 2,2 prosent av arbeidsstyrken. Samanlikna med same periode i fjor er det en nedgang på 14 prosent.

5 693 arbeidssøkjarar var heilt utan arbeid i juni, og 1 028 arbeidssøkjarar var deltakarar i arbeidsretta tiltak. Summen av heilt arbeidslause og personar på arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 6 721 personar, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrken.

Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa

Stavanger og Sandnes har høgast **bruttoarbeidsløyse i juni, begge med 3,1 prosent. Haugesund har ei bruttoarbeidsløyse på 2,8 prosent medan Karmøy har lågast bruttoarbeidsløyse av dei større bykommunane med 2,0 prosent.

Den lågaste arbeidsløysa finn vi i distrikta og særleg i indre Ryfylke. I Sokndal kommune held arbeidsløysa seg høg på grunn av at permitteringar ved bedrifta Titania framleis preger situasjonen.

Ledige stillingar

I juni vart det lyst ut 3 630 stillingar. Dette er ei auke på 16 prosent samanlikna med same periode i fjor, og det aukar i nesten alle yrkesgrupper . Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i juni var bygg- og anlegg (736), ingeniør- og ikt-fag (553) og helse, pleie og omsorg (440).

Arbeidsmarknaden i Rogaland. Juni 2019 samanlikna med juni 2018:

Nøkkeltal

Juni 2019

Juni 2018

Heilt utan arbeid 16 – 67 år 5 693 (2,2%) 6 593 (2,6%)
Arbeidsretta tiltak 1 028 (0,4%) 1 768 (0,7%)
Bruttoarbeidsløyse** 6 721 (2,6%) 8 361 (3,3%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år 1 561 1 690
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir) 2 875 3 698
Delvis ledige 2 455 3 101 

Utlyste stillingar 

3 6303 289

Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon.