19 319 personar er ved utgangen av august registrert som arbeidssøkarar i Rogaland, viser ferske tal frå NAV. 11 419 personar er heilt utan arbeid i fylket. Det utgjer 4,5 prosent av arbeidsstyrken. På landsbasis er 4,3 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid. 7 289 personar rapporterer at dei er delvis utan arbeid, noko som er på same nivå som førre månad, og utgjer 2,8 prosent.Landsgjennomsnittet er 3,0 prosent.

– Sidan byrjinga av april har arbeidsløysa falle jamt og trutt gjennom heile våren og sommaren. Det er gledeleg at vi ser same utvikling i august. Det vil likevel ta lang tid før vi er tilbake på same arbeidsløysenivå som før koronaviruset ramma arbeidsmarknaden, seier Haftorsen.

– Vurder utdanning

Arbeidsløysa fall i dei fleste aldersgruppene i august, samanlikna med førre månad. Det er framleis høgast arbeidsløyse blant dei under 30 år, med 6,0 prosent i aldersgruppa 20-24 år og 5,9 prosent blant dei mellom 25 og 29 år. NAV-direktøren har ei klar oppfordring til arbeidssøkarar i alle aldersgrupper.

– Vurder moglegheitene for kompetanseheving eller meir utdanning. No er det mellom anna mogleg å kombinera utdanning og dagpengar ut 2020. Meir utdanning er ei investering i framtida og gjer at ein står betre rusta på arbeidsmarknaden. Rogaland Fylkeskommune vil i løpet av hausten auka tilbodet om vaksenopplæring for arbeidslause og permitterte, slik at ein får moglegheita til å fullføra vidaregåande opplæring, seier Haftorsen.

Høgast arbeidsløyse på Nord-Jæren

I august har dei fleste kommunane nedgang i arbeidsløysa samanlikna med førre månad. Arbeidsløysa er framleis høgast på Nord-Jæren. I Sola kommune er 5,2 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid. Stavanger kommune har ei arbeidsløyse på 5,1 prosent medan det i Sandes er arbeidsløyse på 5,0 prosent.

Lund, Bokn og Sauda kommune har lågast arbeidsløyse med høvesvis 1,9 prosent, 2,0 prosent og 2,0 prosent av arbeidsstyrken.

– Sidan koronaviruset ramma arbeidsmarknaden i mars, har hovudsakleg dei største kommunane hatt den høgaste arbeidsløysa. Slik er det framleis, seier Haftorsen.

Over 1 700 ledige stillingar

I august vart det lyst ut totalt 1 728 stillingar i Rogaland. Det er ein nedgang på 28 prosent samanlikna med august 2019. Yrkesgruppene med flest kunngjorde stillingar i august var helse, pleia og omsorg (334), bygg og anlegg (321) og butikk- og salsarbeid (172).

– Sjølv om det er ein nedgang samanlikna med i fjor, viser desse tala at det er ein god del jobbar å søka på.  I tillegg er det mange bedrifter som ikkje lyser ut stillingane sine offentleg når dei har behov for nye medarbeidarar, seier Haftorsen.

Arbeidsmarknaden i Rogaland. August 2020

Nøkkeltal August 2020
Heilt utan arbeid 16 – 67 år 11 419 (4,5%)
Arbeidsretta tiltak 611 (0,2%)
Bruttoarbeidsløyse** 12 030 (4,7%)
Langtids-arbeidssøkarar  (26 veker eller meir) 3 413
Delvis utan arbeid 7 289 (2,8%)
Utlyste stillingar 1 728