Samstundes er 11 855 personar registrerte som delvis utan arbeid i fylket. Tar man med arbeidssøkarar på tiltak, er 13,9 prosent av dei arbeidsføre registrert hos NAV. Bruttoarbeidsløysa, som er summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkarar på tiltak, er på 9,2 prosent. I Noreg er den på 10,1 prosent.

Arbeidsløysa held seg på eit svært høgt nivå. Dei siste vekene har vi sett ein nedgang blant dei heilt utan arbeid, men vi ser ei auke blant personar som er delvis arbeidslause. – Tala viser at vi kan ha passert arbeidsløysetoppen, men mange verksemder i Rogaland opplever stor uvisse for augeblikket, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.

– Framleis er det slik at majoriteten av arbeidssøkjarane er permitterte frå jobbane sine og vi forventar at mange kan gå tilbake til jobbane sine i vekene som kjem. Likevel trur vi at arbeidsløysa vil halde seg på eit høgt nivå i tida som kjem, seier Haftorsen.

Høgast arbeidsløyse blant unge

I Rogaland er arbeidsløysa høgast blant dei mellom 20 og 29 år. Delen er på 13 prosent for aldersgruppa 20 til 24 år og 12,1 prosent for dei mellom 25 og 29 år. – Mange av desse ungdommane jobbar i bransjer som er hardt ramma av koronasituasjonen, som til dømes Reiseliv og transport. Begrensingar i talet på reisande og andre restriksjonar gjer at det vil ta lang tid før ein ser tendensar til normal drift i denne næringa, seier Haftorsen.

Bykommunane Haugesund og Stavanger har begge bruttoarbeidsløyse på 10,8 prosent, medan Sandnes har 10,1 prosent. Arbeidsløysa er høgast i dei største bykommunane i fylke.

1631 utlyste stillingar i april

I april månad vart det lyst ut 1631 stillingar i Rogaland. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var helse, pleie og omsorg (378), industriarbeid (254) og bygg- og anlegg (203).  – Det er markant færre utlyste stillingar i april månad. Her spiller koronasituasjonen vi står i ei stor rolle, saman med påsken, seier Haftorsen.

Nøkkeltal for arbeidsmarknaden i Rogaland april 2020:

Heilt utan arbeid 16-67 år 22 658 (8,9%)
Arbeidsretta tiltak 847 (0,3%)
Bruttoarbeidsløyse 23 505 (9,2%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år 6 781
Langtids-arbeidssøkarar (26 veker eller meir) 3 313
Delvis arbeidslause 11 855 (4,7%)
Utlyste stillingar 1 631

 Sjå vedlagt oversikt under relatert innhald til høgre for meir informasjon.