Av dei store kommunane hadde  Eigersund størst prosentvis nedgang i arbeidsløysa, med ein reduksjon på 35 prosent.

Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Oktober 2017– oktober 2019:

 

Sesonjustert - oktober 2019

Tala under er ikkje sesongjustert*.

Ved utgangen av oktober var 5 508 personar heilt utan arbeid i Rogaland, ein nedgang på 9 prosent samanlikna med oktober 2018. Det var 998 arbeidssøkjarar som var deltakarar i eit arbeidsretta tiltak, ein reduksjon på heile 41 prosent samanlikna med same månad i fjor. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 6 565 personar, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrka. Dette er på same nivå som gjennomsnittet for alle fylka i Noreg.

Kommunevise variasjonar

I oktober hadde Sandnes høgast bruttoarbeidsløyse med 3,1 prosent. Stavanger og Sola hadde ein del på høvesvis 3,0 prosent og 2,8 prosent. På Haugalandet hadde Haugesund, Karmøy og Tysvær ein bruttoarbeidsløyse på høvesvis 2,6 prosent, 1,9 prosent og 1,8 prosent av arbeidsstyrken. Lågast arbeidsløyse av alle kommunane i Rogaland hadde Suldal (0,9 prosent). 

3 574 utlyste stillingar 

Totalt vart det lyst ut 3 574 stillingar i oktober. – Dette er ein auke på 4 prosent samanlikna med oktober 2018, seier Merethe P. Haftorsen. – Sidan januar har talet ledige stillingar holdt seg på eit høgt nivå, og ein del næringsgrupper slit med å rekruttere nye tilsette, fortel ho. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var ingeniør- og ikt-fag (765), helse, pleie og omsorg (503) og bygg- og anlegg (362).

 

Nøkkeltal i Rogaland

Oktober 2018

 Oktober 2019

Heilt utan arbeid 16 – 67 år 6 062 (2,4%) 5 508 (2,2%)
Arbeidsretta tiltak 1 687 (0,7 %) 998 (0,4%)
Bruttoarbeidsløyse** 7 749 (3,1 %) 6 506 (2,6%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år 1 582 1 530
Langtids-arbeidssøkjarar 
(26 veker eller meir)
 4 086 2 503
Delvis ledige 2 899 (1,2 %) 2 412 (1,0%)
Utlyste stillingar 3 434 3 574

 

Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon.