Talet nye stillingar held seg i september på eit høgt nivå i Rogaland, samtidig som talet heilt arbeidsløyse det siste året er redusert med 14 prosent. – I september er det anten stabil eller redusert arbeidsløyse i dei fleste kommunane i Rogaland, fortel Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.

Graf september 2019

Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: September 2017– september 2019:

Tala under er ikkje sesongjustert*.


Ved utgangen av september var 5 644 personar heilt utan arbeid i Rogaland. - Rogaland og Hordaland hadde i september den største prosentvise reduksjonen i delen heilt arbeidslause av alle fylka i Norge, seier Merethe P. Haftorsen.

Det var 921 arbeidssøkjarar som var deltakarar i eit arbeidsretta tiltak i september, og dette er ein nedgang på heile 41 prosent samanlikna med september 2018. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 6 565 personar, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrka.

Lågare arbeidsløyse på Haugalandet

I Stavanger – regionen hadde Sandnes høgast bruttoarbeidsløyse med 3,1 prosent. Stavanger og Sola hadde ein del på høvesvis 3,0 prosent og 2,8 prosent. På Haugalandet hadde Haugesund, Karmøy og Tysvær ein bruttoarbeidsløyse på høvesvis 2,6 prosent, 2,2 prosent og 1,8 prosent av arbeidsstyrken. Lågast del av alle kommunane i Rogaland hadde Suldal (0,8 prosent).

Utlyste stillingar 

– Det var var mange nye ledige stillingar i Rogaland også i september, seier Merethe   Haftorsen. Totalt vart det lyst ut 3 265 stillingar. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar  var ingeniør- og ikt-fag (588), helse, pleie og omsorg (505) og bygg- og anlegg (382). 

Per september var det 380 personar med yrkespraksis frå ingeniør og ikt fag som var heilt arbeidslause, ein reduksjon på 41 prosent samanlikna med september 2018. 

– Mange av dei som er arbeidslause med erfaring frå ingeniør og ikt - fag og andre yrkesgrupper bor i Stavanger regionen, og NAV ser ein auka tendens til at ein del av desse ikkje har den kompetansen som arbeidsgjevarane etterspør, seier ho.

Arbeidsmarknaden i Rogaland. September 2019 samanlikna med september 2018.

 

Nøkkeltal

September 2018

September 2019

Heilt utan arbeid 16 – 67 år6 543 (2,6%)5 644 (2,2%)
Arbeidsretta tiltak1 565 (0,6%)921 (0,4%)
Bruttoarbeidsløyse**8 108 (3,2%)6 565 (2,6%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år1 7141 656

Langtids-arbeidssøkjarar
(26 veker eller meir)

3 4612 615
Delvis ledige2 907 (1,2%)2 342 (0,9%)
Utlyste stillingar3 1723 265

Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon.