Ved utgangen av desember var 5 513 personar heilt utan arbeid i Rogaland, ein nedgang på 11 prosent samanlikna med desember 2018. 938 arbeidssøkjarar var deltakarar i eit arbeidsretta tiltak, ein reduksjon på heile 45 prosent samanlikna med same månad i fjor. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 6 451 personar, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrka.  

– Dei siste månadene har delen bruttoarbeidslause i Rogaland stabilisert seg på eit litt lågare nivå enn snittet for Norge, fortel Merethe P. Haftorsen.

Kommunevise variasjonar i bruttoarbeidsløysa

I desember hadde Sandnes høgast bruttoarbeidsløyse med 3,1 prosent. Både Stavanger og Strand hadde ein del  på 2,8 prosent. På Haugalandet hadde Haugesund, Karmøy og Tysvær ei bruttoarbeidsløyse på høvesvis 2,5 prosent, 1,9 prosent og 1,8 prosent av arbeidsstyrken. Lågast del arbeidslause av alle kommunane i Rogaland hadde Forsand, Bokn og Suldal med høvesvis 0,7 prosent, 0,9 prosent og 1,0 prosent.

2 730 utlyste stillingar

Totalt vart det lyst ut 2 033 stillingar i desember.  Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar  var ingeniør  og ikt – fag (387), helse, pleie og omsorg (296)  og industriarbeid (260).

Nøkkeltal Desember 2018  Desember 2019
Heilt utan arbeid 16 – 67 år 6 179 (2,5%) 5 513 (2,2%)
Arbeidsretta tiltak 1 694 (0,7%) 938 (0,4%)
Bruttoarbeidsløyse** 7 873 (3,2%) 6 451 (2,6%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år 1 648 1 509
Langtids-arbeidssøkjarar 
(26 veker eller meir)
2 960 2 432
Delvis ledige 2 922 (1,2%) 2 393 (0,9%)
Utlyste stillingar 2 145 2 033

Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon.