Publisert 9. desember 2021
NAV Rogaland går no ut med viktig informasjon til alle arbeidsgivarar som no vurderer å permittera eller seia opp sine tilsette i samband med koronaviruset.
Dei neste dagane og vekene forventar NAV stor pågang frå arbeidsgjevarar som treng bistand og rettleiing for å sikra at varsel om permitteringar eller oppseiingar blir utført på ein god måte. Her kjem nokre råd, tips og tilrådingar som kan bidra til ein god prosess for både arbeidsgjevarar og dei berørte tilsette.
Les digital informasjon først
Vi oppmodar alle arbeidsgjevarar til å halda seg oppdatert på nettsidene våre.
Viktige lenker:
• Framsida – nav.no
• Koronavirus – informasjon frå nav.no
Varsel om permitteringar skal meldast til NAV
Arbeidsgjevarar som vurderer å permittere fleire ein 10 tilsette, skal melda fra til NAV. For meir informasjon: Melding til NAV om Masseoppsigelser mv.
Informasjon og råd til tilsette som blir permittert
Ansatte med permitteringsvarsel skal ikkje henvenda seg til sitt lokale NAV-kontor. Dei finn oppdatert informasjon på nav.no.
Det er viktig at arbeidsgjevarar sørger for at berørte tilsette får den nødvendige dokumentasjonen frå arbeidsgjevar, slik at NAV får til ein smidig behandling av søknader om dagpengar.
Viktige vedlegg som arbeidstakarar må ha med i søknaden:
• Permitteringsvarsel
• Arbeidsavtale eller stadfesting på arbeidsforhold
Bekreftelse på arbeidsforhold må innehalda følgjande: når starta vedkomande i jobben, stillingsprosent, eventuell informasjon om variabel arbeidstid/skift/turnus/rotasjon
Eksempel på stadfesting på arbeidsforhold:
Ola Nordmann har vore tilsett hos Bedriften som økonomimedarbeidar sidan januar 2008. Han har jobba i ein 100 prosent stilling til dags dato med ordinære arbeidstider.
Kort rettleiing for registrering som arbeidssøkar hos NAV:
1. Gå til nav.no
2. Klikk på «Hva er situasjonen din»
3. Klikk på «Er du arbeidssøker eller permittert?»
4. Vel situasjonen din
5. Registrer deg – ha tilgjengeleg BankID/BankID på mobil
6. Søka dagpengar: Klikk på Skjema og søknad på framsida. Her finn ein fremgangsmåte steg for steg.
7. Registrere CV på arbeidsplassen.no
• Veiledningsvideo: CV og jobbprofil på arbeidsplassen.no
Trenger du som arbeidsgjevar rettleiing ut over dette?
Bedrifter i Nord-Rogaland (nord for Boknafjorden) kan ringa eller senda SMS på: 950 81 429 // 488 82 618
Bedrifter i Sør-Rogaland (sørfylket og Ryfylket) kan ringa eller senda SMS på 980 29 122 // 412 45