Har du nokon tankar om kva du som arbeidssøkar treng for å få napp på jobben du har søkt på? Kan du bli betre på å spisse jobbsøknaden og CV-en? For nokon er det berre litt relevant erfaring frå arbeidslivet som skal til for å lykkast med å få jobben.

Nedanfor har vi laga ei oversikt over aktuelle tiltak og kurs som kan vere aktuelt for deg som er arbeidssøkar hos NAV. Viss nokon av dei ser interessante ut, anbefaler vi at du tek kontakt med din rettleier på nav.no, gjennom aktivitetsplanen på Ditt NAV. I dialog med rettleier vil dei finne ut om det er hensiktsmessig med eit kurs eller tiltak.

Oversikt over utvalde tiltak/kurs for arbeidssøkarar i Rogaland:

  • Digitalt jobbsøkarkurs

Målet med kurset er å få god kunnskap om jobbsøkarprosessen. Etter gjennomført kurs skal deltakarane meistre ulike verktøy og metodar som aukar moglegheitene for jobb. Individuell tilpassing og rettleiing skal vektleggast i alle tema og aktivitetar.

  • Jobbsøkarkurs for unge i Stavanger eller Haugesund

Målet med kurset er å tileigne seg kunnskap om eigne moglegheiter på jobbmarknaden; bli bevisste på eigen kompetanse og styrkar; lære korleis aktivt søke jobb; bidra til at deltakarane skaffar seg jobb; kunne orientere seg på arbeidsmarknaden og bli aktive jobbsøkarar; ved behov få kunnskap om moglege utdannings/opplæringsløp.

  • Grunnleggande data med jobbsøk

Dette kurset passar for deg som ikkje er van med å bruke data noko særleg. Kurset gjer grunnleggande IT-forståing slik at du vert meir rusta til å søke på jobbar digitalt. Du lærer meir om til dømes Exel, PowerPoint og tekstbehandling.

NAV tilbyr òg bransjespesifikke kurs som mellom anna:

  • Vekterkurs
  • Prosjektstyringskurs
  • Kurs i isolering og kapsling
  • Overflatebehandling av metall
  • Stillaskurs