Publisert 25. mars 2020|Oppdatert 9. desember 2021
Koronautbruddet har ført til at arbeidsløysa i Rogaland har auka frå 2,3 prosent til 9,9 prosent på om lag to veker.
Tal frå tysdag 24.mars visar at 25 162 personar busett i Rogaland har registrert seg som heilt utan arbeid på nav.no. Dei aller fleste av desse har søkt om dagpengar fordi dei er permittert frå arbeidet sitt.
Samstundes har Rogalandsbuen sendt inn 19 981 søknader om dagpengar under permittering og 1 790 søknader om ordinære dagpengar, dei to siste vekene.
– Vi står i ein situasjon utan sidestykke i moderne tid. Mange, både bedrifter og kvar enkelt av oss kjenner på mye usikkerheit. Majoriteten av dei som er arbeidslause på grunn av kornaviruset, er permitterte og skal i utgangspunktet tilbake i jobben sin, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.
– Vår høgaste prioritet er å sørge for at folk får den hjelpen og informasjonen dei treng. Dei har behov for å vite korleis NAV kan hjelpe, seier Merethe P. Haftorsen.
21 000 varslar om permitteringar
Dei to siste vekene har talet på permitteringsvarsel auka dramatisk. Totalt har om lag 350 bedrifter frå Rogaland sendt permitteringsvarslar som omfattar 21 000 personar.
5 600 permitteringvarslar kjem frå nordfylket og 15 400 frå sørfylket. Varslane gjelder for bedrifter som permitterer 10 eller fleire.
– Vi får varslar frå mange næringar, inkludert leverandørindustrien til olje og gass. Mange verksemder opplever stor usikkerheit i desse dagar. Foreløpig har fleire bedrifter kun varsla, men ikkje iverksatt permitteringar. Samstundes er det mange små og mellomstore bedrifter som permitterer færre ein 10 tilsette. Desse blir ikkje meldt til NAV, seier Merethe P. Haftorsen.
Noreg har ein arbeidsløyse på 10,4 prosent pr. 24.mars 2020.
- Sjå nav.no for fleire tal på arbeidsløysa frå 24.mars 2020.