Publisert 20. mars 2020|Oppdatert 24. mars 2020
Alle NAV-kontor i Rogaland er rigga for å hjelpe arbeidsgjevarar som trenger arbeidskraft.
Koronaviruset har ført til at fleire bransjar og næringar kan kome i ein situasjon der dei vil ha akutt behov for arbeidskraft. Helsepersonell, jobbar innan lager, logistikk og matproduksjon, reinholdspersonell, kantine og transport er døme på yrker som peiker seg ut kor det kan bli eit stort behov i tida som kjem.
Nå minner Egil Tengs, avdelingsdirektør i NAV Rogaland, om at alle NAV-kontor i kvar kommune har eigen rekrutteringskontakt som kan hjelpe arbeidsgjevarar som treng arbeidskraft.
– Dei er klare for å yte service. Våre rekrutteringskontaktar har lokal kjennskap til arbeidsmarknaden og har oversikt over tilgjengeleg arbeidskraft. Ikkje nøl med å bruke dei, seier Egil Tengs.
– Rekrutteringskontaktane våre er tilgjengelege på både e-post og telefon, opplyser Tengs.
Bli synleg for arbeidsgjevarar
Den siste uka har mange personar registrert seg som arbeidssøkarar på nav.no som følge av å ha blitt permittert.
– Det er viktig at alle som registrerer seg, legger inn CV og kompetansen sin på arbeidsplassen.no. Gjer dei dette blir dei seg synlege for arbeidsgjevarar som treng arbeidskraft for å få hjula til å gå rundt, seier Tengs.