Publisert 11. juni 2020|Oppdatert 11. juni 2020
Det legemeldte sjukefråværet i Rogaland auka med 11,7 prosent i 1. kvartal samanlikna med 1. kvartal i fjor.
I 1. kvartal hadde Rogaland eit legemeldt sjukefråvær på 5,4 prosent. Landsgjennomsnittet var på 6,1 prosent. Hovudforklaringa er koronapandemien og smitteverntiltaka som vart iverksett i mars. Det førte til ein kraftig vekst i diagnosar knytt til sjukdom i luftveiene.
– Koronapandemien har hatt stor innverknad på sjukefråværet i Rogaland. Det er en kraftig auke i talet personar som vart diagnostisert med sjukdom i luftveiene, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.
31,7 prosent av det legemeldte sjukefråværet var knytt opp mot sjukdommar i luftveiene i Rogaland i 1. kvartal av 2020.
Auka starta i mars
Den betydelege auka i sjukefråværet skjedde først i mars månad. I januar og februar var sjukefråværet omtrent på same nivå som i fjor. Da de første tilfella av Covid-19 vart bekrefta, begynte sjukefråværstilfella å auke.
– Myndigheitene oppfordra alle med symptom på sjukdom i luftveiene til å halde seg heime i karantene. Det same gjaldt dei som hadde vært i kontakt med koronasmitta personar. Personar som hadde vært i utlandet, vart også satt i karantene. I sum ser vi at dette gjenspeiler diagnosebruken, seier Haftorsen.
Auka i det legemeldte sjukefråværet er størst hos menn, med 15,1 prosent i Rogaland. For kvinner var auka på 9,7 prosent i fylket.