– Vi vurderer kontinuerleg kva vi må gjere for å tilpasse oss situasjonen. Det viktige for oss er å sikre at folk får pengane sine, seier Merethe Haftorsen, direktør i NAV Rogaland. 

Mange veiledarar ved NAV-kontor i Rogaland har heimekontor og du kan ta kontakt med via aktivitetsplanen på nav.no. Telefon og møte på video er og aktuelt i tida framover.

Alle NAV-kontor gjer no strenge tiltak for å begrense smitte av koronaviruset og vil til ein kvar tid vurdere om dei kan ha fysisk opne kontor for innbyggarane i kommunen.

Avgjerda om å stenge eit NAV-kontor blir tatt i samråd med kvar enkelt kommune og lokal helsemyndigheit.

Se nyheitsaka Dialog med NAV i forbindelse med koronaviruset