Publisert 15. september 2020
Vekeoversikten frå NAV viser at per 15. september er 10 136 personar heilt utan arbeid i Rogaland. 7 491 personar er delvis arbeidslause, og 728 personar er i eit arbeidsretta tiltak.
Den siste veka har talet på personar heilt utan arbeid blitt redusert med 343 personar. 10 136 personar er heilt utan arbeid i Rogaland. Det utgjer 4,0 prosent av arbeidsstyrken. Snittet for Noreg er 3,8 prosent.
7 491 personar er delvis utan arbeid, tilsvarande 2,9 prosent av arbeidsstyrken. Snittet for Noreg er 3,0 prosent.
– Hittil i september har det vore ein positiv utvikling i arbeidsløysa i Rogaland. Talet heilt arbeidslause er på veg nedover, samstundes som talet delvis ledige held seg på eit stabilt nivå, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.
– Samanlikna med førre veke er det ein reduksjon i arbeidsløysa eller ein stabil utvikling for alle aldersgrupper og yrkesgrupper, fortel Merethe P. Haftorsen.
Høgast arbeidsløyse i Stavangerregionen
Stavanger og Sola er framleis kommunane med høgast del heilt arbeidslause i fylket, med 4,6 prosent av arbeidsstyrken. Sandnes har 4,4 prosent, medan i Haugesund er delen på 4,1 prosent. Lågast del heilt arbeidslause har Kvitsøy, Bokn og Sauda med høvesvis 1,4 prosent, 1,5 prosent og 1,8 prosent av arbeidsstyrken.
Les om tala på Noregsnivå: 4 200 færre arbeidssøkere den siste uken.