– Nedgangen i arbeidsløysa fortset i same tempo som den har gjort i fleire veker på rad, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.

13 568 personar er heilt utan arbeid. Det utgjer en del på 5,3 prosent og er 673 færre enn i førre veke. Gjennomsnittet for Noreg er på 5,4 prosent av arbeidsstyrken.  Sidan førre veke er det også ein nedgang på 717 personar blant dei som er registrert delvis utan arbeid. 11 781 personar er delvis utan arbeid i fylket. Det er en del på 4,6 prosent. På landsbasis er denne delen 5,0 prosent.

– Det er færre arbeidslause innan alle yrkesgrupper med unnatak av ingeniør og IKT-fag, kor arbeidsløysa har helt seg stabilt, seier Haftorsen.

Høgast arbeidsløyse i byområda

Sola er framleis kommunen med høgast del helt utan arbeid på 6,3 prosent. Stavanger har en del på 6,1 prosent, medan Haugesund har 5,8. Sandnes har no 5,7 prosent helt utan arbeid av arbeidsstyrken. Alle kommunar har eit fall i arbeidsløysa blant dei som er heilt utan arbeid.  Haugesund, Gjesdal og Sandnes er kommunane med høgast del delvis utan arbeid. Alle har ein del på 5,2 prosent. I Stavanger er arbeidsløysa blant dei som er delvis utan jobb 4,9 prosent.

– Sjølv om utviklinga er positiv, er det viktig å minne om at arbeidsløysa i fylket framleis held eit høgt nivå. Mange bedrifter slit framleis tungt som følge av koronasituasjonen som ramma oss i mars. Svært mange rogalendingar har ei usikker jobbframtid, seier Haftorsen.