Publisert 25. februar 2020|Oppdatert 25. februar 2020
«Arbeidsmarkedet i Rogaland» er namnet på den nye Facebook-sida til NAV Rogaland.
Sidan har som formål å gjere statistikk lettare tilgjengeleg gjennom å visualisere trendar og utvikling i større grad på område som arbeidsløyse, arbeidsavklaring, sjukefråvær og uføre-området.
Facebook-sida skal òg dele nytt om arbeidsmarknaden og synleggjere moglegheitene som finst på arbeidsplassen.no.
– No har vi vår eigen eksterne kanal til å dele nyttig kunnskap om arbeidsmarknaden i Rogaland og om samfunnsoppdraget til NAV, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.
Lenke til Facebook-sida: Arbeidmarkedet i Rogaland