Publisert 2. juni 2020|Oppdatert 2. juni 2020
Sidan førre veke er talet registrerte arbeidssøkarar hos NAV redusert med 1 252 personar, viser ferske tal frå NAV Rogaland. Totalt er det registrert 29 015 arbeidssøkarar i fylket. 15 128 av desse er heilt utan jobb for augeblikket. Det er 705 færre enn ved førre oppdatering, den 28.mai, og utgjer 5,9 prosent av arbeidsstyrken.
I Noreg er delen heilt utan jobb 6,1 prosent av arbeidstyrken.
For første gang sidan koronaviruset lamma arbeidsmarknaden i Rogaland, har det vorte færre delvis utan jobb. Pr. 2. juni melder 13 123 personar at dei jobbar litt. Det er 484 færre enn i førre veke, og utgjer 5,1 prosent av arbeidsstyrken. Snittet for landet er 5,5 prosent.
– Den gode utviklinga i arbeidsmarknaden i Rogaland held fram. Stadig fleire kjem tilbake til jobbane dei vart permittert i frå. Særlig positivt er det at talet på delvis arbeidslause går nedover for første gang etter samfunnet ble rammet av koronasituasjonen. Det er nedgang i arbeidsløysa innan alle yrkesgrupper, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.
– Det er viktig å understreke at fylket og landet for øvrig framleis har ei høg arbeidsløyse, tross den positive utviklinga vi har sett i flere veker, seier Haftorsen.
Sola er kommunen i Rogaland med høgast del heilt utan jobb på 7,2 prosent av arbeidsstyrken. Stavanger og Haugesund har begge 6,8 prosent, medan i Sandnes er delen heilt utan arbeid 6,3 prosent.
Oversikt over utvikling i arbeidsløysa frå 25.februar til 2.juni i Rogaland: