Publisert 19. mai 2020|Oppdatert 19. mai 2020
Tysdag 19.mai er 31 591 arbeidssøkarar registrert i Rogaland. Det er 1 322 færre enn i førre veke og inkluderer dei som er heilt utan arbeid, dei som registrerer at dei jobbar litt og arbeidssøkjarar på tiltak via NAV.
I Rogaland er 17 118 personar heilt utan arbeid, viser dei nyaste tala frå NAV. 6,8 prosent er no heilt utan arbeid. Det er ein nedgang på 0,6 prosentpoeng sidan 12.mai. På landsbasis er arbeidsløysa 7,1 prosent.
Fleire arbeider litt
Dei siste vekene har talet på dei som jobbar litt auka. Det vært stadig fleire av dei som registrerer at dei jobbar litt, men auka er svakare enn tidlegare. 13 653 personar er delvis utan arbeid i Rogaland no. Det er 178 fleire enn i førre veke og utgjer en del på 5,4 prosent av arbeidsstyrken. Gjennomsnittet for Noreg er 5,8 prosent.
– I fleire veker har vi sett at arbeidsløysa i Rogaland går nedover igjen etter den valdsame og bratte auka i slutten av mars og starten på april som følge av koronasituasjonen. Det at samfunnet nå gradvis opnar visar tydeleg igjen i arbeidsløysetala til NAV. 1 500 personar i Rogaland har fått jobben heilt eller delvis tilbake i løpet av den siste veka. Det er midlertidig viktig å understreke at arbeidsløysa i Rogaland og Norge framleis er på eit høgt nivå, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.
Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan butikk- og salsarbeid, serviceyrke og anna arbeid, samt innanfor reiseliv og transport.
Kommunevis oversikt:
Kommune | Heilt utan arbeid 12.mai 2020 | Delvis utan arbeid 12.mai 2020 | Heilt utan arbeid 19.mai 2020 | Delvis utan arbeid 19.mai 2020 |
Eigersund | 7,3 | 5,5 | 7,0 | 5,3 |
Stavanger | 8,4 | 5,5 | 7,7 | 5,7 |
Haugesund | 8,5 | 5,8 | 7,7 | 6,1 |
Sandnes | 7,9 | 5,8 | 7,3 | 6,0 |
Sokndal | 4,1 | 3,6 | 3,3 | 3,8 |
Lund | 4,6 | 3,8 | 3,6 | 4,1 |
Bjerkreim | 5,4 | 2,8 | 5,0 | 3,0 |
Hå | 4,8 | 4,0 | 4,5 | 3,8 |
Klepp | 6,7 | 5,1 | 6,1 | 5,1 |
Time | 5,7 | 5,2 | 5,3 | 5,0 |
Gjesdal | 7,4 | 6,0 | 6,7 | 6,1 |
Sola | 8,4 | 5,5 | 7,9 | 5,5 |
Randaberg | 6,7 | 5,5 | 6,2 | 5,6 |
Strand | 5,9 | 5,2 | 5,4 | 5,1 |
Hjelmeland | 4,3 | 2,8 | 3,8 | 2,5 | |
Suldal | 3,4 | 3,4 | 3,0 | 3,2 |
Sauda | 3,0 | 3,5 | 3,1 | 3,2 |
Kvitsøy | 4,0 | 4,0 | 3,3 | 4,7 |
Bokn | 2,7 | 3,4 | 3,0 | 3,2 |
Tysvær | 7,1 | 4,3 | 6,7 | 4,3 |
Karmøy | 5,9 | 5,2 | 5,4 | 5,2 |
Utsira | 4,8 | * | 4,8 | * |
Vindafjord | 5,8 | 3,7 | 5,4 | 3,8 |