Publisert 12. mai 2020
Tysdag 12.mai er det registrert 32 913 arbeidssøkarar i Rogaland, visar ferske tal frå NAV. Det er ein nedgang på 1 329 personar sidan førre veke og inkluderer personar heilt utan arbeid, dei som er delvis utan arbeid og arbeidssøkarar i arbeidsretta tiltak.
18 617 personar melder til NAV at de står helt utan jobb. Det er 2 204 færre enn i førre veke. Delen helt utan arbeid er dermed på 7,3 prosent mot 8,2 prosent i førre veke. 13 475 personar rapporterer at de jobbar delvis for arbeidsgjevaren sin. Det utgjer 5,7 prosent og er ei auke 0,3 prosent frå sist veke.
– Dei siste vekene har vi sett ein tydeleg trend i arbeidsmarknaden. Det er færre personar som er heilt utan arbeid i Rogaland, mens det vert fleire som er delvis utan arbeid, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.
Denne trenden gjeld ikkje berre i Rogaland, men i heile Noreg.
– Det er drøyt 1 300 færre arbeidssøkarar i Rogaland samanlikna med førre veke. Det inneberer at mange arbeidstakarar er tilbake på jobb igjen etter at myndigheitene begynte og gradvis lette på smitteverntiltaka, seier Haftorsen.
Kommunevis oversikt:
Kommune | Heilt utan arbeid 5.mai 2020 | Delvis utan arbeid 5.mai 2020 | Heilt utan arbeid 12.mai 2020 | Delvis utan arbeid 12.mai 2020 |
Eigersund | 8,3 | 5,3 | 7,3 | 5,5 |
Stavanger | 9,3 | 5,2 | 8,4 | 5,5 |
Haugesund | 9,5 | 5,4 | 8,5 | 5,8 |
Sandnes | 8,9 | 5,5 | 7,9 | 5,8 |
Sokndal | 4,9 | 3,4 | 4,1 | 3,6 |
Lund | 5,7 | 3,6 | 4,6 | 3,8 |
Bjerkreim | 5,5 | 2,8 | 5,4 | 2,8 |
Hå | 5,5 | 3,9 | 4,8 | 4,0 |
Klepp | 7,4 | 4,9 | 6,7 | 5,1 |
Time | 6,5 | 4,8 | 5,7 | 5,2 |
Gjesdal | 8,3 | 5,7 | 7,4 | 6,0 |
Sola | 9,0 | 5,2 | 8,4 | 5,5 |
Randaberg | 8,0 | 5,1 | 6,7 | 5,5 |
Strand | 6,9 | 5,0 | 5,9 | 5,2 |
Hjelmeland | 5,1 | 2,4 | 4,3 | 2,8 | |
Suldal | 3,9 | 3,6 | 3,4 | 3,4 |
Sauda | 3,6 | 3,3 | 3,0 | 3,5 |
Kvitsøy | 4,0 | 3,6 | 4,0 | 4,0 |
Bokn | 3,2 | 3,2 | 2,7 | 3,4 |
Tysvær | 7,9 | 4,1 | 7,1 | 4,3 |
Karmøy | 6,8 | 4,8 | 5,9 | 5,2 |
Utsira | 3,9 | * | 4,8 | * |
Vindafjord | 6,6 | 3,4 | 5,8 | 3,7 |