Publisert 5. mai 2020|Oppdatert 5. mai 2020
Tysdag 5.mai publiserte NAV nye arbeidsløysetal. I Rogaland er no 20 821 personar heilt utan arbeid. Det utgjer 8,2 prosent av arbeidsstyrken og er ein nedgang på 0,7 prosentpoeng sidan 30 april.
Samstundes som at talet på personar heilt utan arbeid fell, stig talet på dei som er delvis utan arbeid.12 695 personar rapporterer til NAV at dei no jobbar litt. Det er ein del på 5 prosent av arbeidsstyrken.
Totalt er 34 342 personar registrert som arbeidssøkarar i Rogaland. Det inkluderer dei heilt utan arbeid, dei som jobbar litt og arbeidssøkarar som er i eit arbeidsretta tiltak via NAV. Samlet sett er det no registrert 1 018 færre arbeidssøkarar samanlikna med utgangen av april.
– Vi ser ei forsiktig positiv utvikling. Samfunnet er i ferd med å opne gradvis opp, og fleire kan vende tilbake til jobbane dei var permittert i frå. Samstundes ser vi at færre nye arbeidssøkarar registrerer seg, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.
Sjå også 12600 færre arbeidssøkarar siste veke. (nav.no)