Arbeidsløysa for landet er på 3,7 prosent. Bruttoarbeidsløysa, som inkuderer heilt ledige og arbeidssøkarar på tiltak, er på 4,1 prosent i Rogaland.

– Gjennom heile september har vi sett ei positiv utvikling i arbeidsløysa i fylket. Mange bransjar opplever stor uvisse, men nedgangen indikerer òg at det er god aktivitet i fleire næringar, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.

7 138 personar står delvis utan arbeid ved utgangen av månaden. Det er nedgang på 150 personar samanlikna med august. Arbeidsøysa fell i alle aldersgrupper. Høgast arbeidsløyse finn vi i aldersgruppa 20 år til 24 år og 25 år til 29 år med høvesvis 5,4 prosent og 5,1 prosent.

– Det er viktig å understreke at vi framleis har ei høg arbeidsløyse i fylket. Konkurransen om dei ledige jobbane er hard, men vi registrerer at det blir lyst ut mange stillingar i Rogaland, seier Haftorsen.

Over 3 000 ledige stillingar

I september vart 3 311 stillingar lyst ut offentleg. Sjølv om det er ein nedgang på 19 prosent samanlikna med i fjor, er det ei betydeleg mengde gitt situasjonen i arbeidsmarknaden, påpeiker direktøren i NAV Rogaland.

– Innanfor helse, pleie og omsorg vart det lyst ut over 750 stillingar i september. Det er 20 prosent meir enn på same tid i fjor. I bygg- og anlegg vart det lyst ut over 450 stillingar sist månad. Det same gjeld for ingeniør- og IKT-fag. Viss ein ikkje er kvalifisert for jobb innanfor bransjar der det er behov for arbeidskraft, er det no lagt til rette for å kombinera dagpengar med utdanning fram til sommaren 2021, minner Haftorsen om.

Stavanger og Sola har høgast arbeidsløyse

Alle kommunar har nedgang i arbeidsløysa. Unnataket er Utsira og Lund. Høgast arbeidsløyse er det framleis på Nord-Jæren. I Stavanger og Sola er 4,5 prosent heilt utan arbeid, medan Sandnes har 4,3 prosent. Haugesund og Gjesdal har 3,9 prosent.

Bokn, Suldal og Sauda har lågast arbeidsløyse med høvevis 0,9 prosent, 1,7 prosent og 1,8 prosent.

Reiselivsnæringa hardt ramma

Blant personar heilt utan arbeid er det nedgang eller stabilt innanfor alle yrkesgrupper. 

– Reiseliv og transport har sidan starten av koronapandemien vore hardast ramma. Det er dei framleis, med cirka 1 200 heilt utan arbeid i denne yrkesgruppa. Industriarbeid, bygg- og anlegg og butikk og salsarbeid er òg yrkesgrupper med høg arbeidsløyse, seier Haftorsen.

Nøkkeltal September 2020
Heilt utan arbeid 16 – 67 år 9 759 (3,8%)
Arbeidsretta tiltak 836 (0,3%)
Bruttoarbeidsløyse** 10 595 (4,1%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år 2 742 (4,4%)
Langtids-arbeidssøkarar  (26 veker eller meir) 5 285 (2,1%)
Delvis utan arbeid 7 138 (2,8%)