Publisert 23. juni 2020|Oppdatert 2. oktober 2020
Tysdag 23.juni er 24 053 personar registrert heilt eller delvis utan arbeid i Rogaland. Det er 1 296 færre enn tysdag for ei veke sidan. I prosent er dette ein reduksjon på 5,1 prosent.
Den totale arbeidsløysa i Rogaland er på 9,4 prosent.
– Utviklinga i arbeidsløysa held same mønster som dei siste vekene. Mellom 1300 og 1 500 rogalendingar vender tilbake til jobbane dei har vorte permittert ifrå kvar veke, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.
– Den gradvise gjenopninga av samfunnet har resultert i at også arbeidsløysa fell gradvis, seier Haftorsen.
Arbeidsløysa i Rogaland sett opp mot Noreg
12 808 personar står heilt utan arbeid i Rogaland. Det er 760 færre enn i førre veke og utgjer ein del på 5,0 prosent. I Noreg er arbeidsløysa 5,1 prosent.
11 245 personar rapporterer at de jobbar delvis. Dette tilsvarar 4,4 prosent. Landsgjennomsnittet her er 4,8 prosent.
Høgast arbeidsløyse i dei store byområda
Framleis har Sola kommune høgast del heilt utan arbeid med 6,1 prosent. Stavanger har 5,8 prosent medan Haugesund og Sandnes har 5,4 prosent av arbeidsstyrken helt utan arbeid.
Blant dei som er delvis arbeidslause, har Haugesund høgast del med 5,0 prosent. I Sandnes er prosentdelen 4,9, mens Stavanger og Gjesdal er 4,8 prosent av arbeidsstyrken delvis utan arbeid.
– Vår viktigaste oppgåve framover er å rettleie arbeidssøkjarar på ein god måte, slik at flest mogleg kjem tilbake til arbeidslivet igjen. Framleis har vi ein høg arbeidsløyse i fylket vårt og i resten av Noreg. Det vil ta lang tid før arbeidsløysa nærmar seg nivået før kornaviruset kom til Noreg, seier Haftorsen.