Nyheter
Arbeidsløysa aukar igjen i Rogaland
Publisert 17. november 2020
16 703 personer er registrert som arbeidssøkarar i Rogaland. Det er 172 fleire enn i førre veke.
Ferske arbeidsløysetal frå tysdag 17. november viser at det er ein svak oppgang i arbeidsløysa i Rogaland.
9 216 personar heilt utan arbeid. Det er 162 fleire enn i førre veke. Det utgjer 3,6 prosent av arbeidsstyrken i Rogaland. Fylket er dermed 0,2 prosent under landsgjennomsnittet på 3,8 prosent. Over 2 000 av dei som står heilt utan arbeid, er permitterte frå jobben sin.
– Arbeidsløysa aukar igjen, for fyrste gong sidan april. Dette har ei direkte samanheng med utviklinga i koronapandemien og iverksetting av strengare smitteverntiltak. Fleire mistar eller blir no permittert frå jobben sin. Det er framleis slik at arbeidsløysa er høgast i aldersgruppa 20-24 år med 5,0 prosent, seier Merethe P.Haftorsen, direktør i NAV Rogaland. 6 447 personar er registrerte delvis utan arbeid i Rogaland. Det er 45 færre samanlikna med førre veke. Talet på arbeidssøkarar på tiltak er 1 040.
Ein næringsgruppe pekar seg ut
Restaurant, uteliv, reiseliv og transport er bransjane der arbeidsløysa aukar klart mest. Det er òg ein svak auke innanfor kontorarbeid og butikk- og salsarbeid
– Dette er den næringsgruppen som blir hardast ramma av restriksjonane frå styresmaktene. Mange aktørar i desse bransjane har vore nøydde til å stenga eller redusera tilbodet sitt. Det har resultert i at fleire står utan arbeid, seier Haftorsen.
Sola kommune har høgast arbeidsløyse med 4,4 prosent. Stavanger har 4,2 prosent og Sandnes har 4,1 prosent. Haugesund har 3,7 prosent.
– Sola, Stavanger og Sandnes er kommunane der arbeidsløysa aukar mest i fylket. Det er kommunar som sysselset flest innanfor bransjane som er hardt ramma av smittevernrestriksjonar, seier Haftorsen.