Framleis ligg det legemeldte sjukefråværet i Rogaland godt under gjennomsnittet for Noreg, som har  eit legemeldt sjukefråvær  på 5,5 prosent. Det er berre Oslo som har lågare legemeldt sjukefråvær enn Rogaland. Derimot er det store kommunevise variasjonar i det legemeldte sjukefråværet i Rogaland. Høgast legemeldt sjukefråvær er det på Kvitsøy (6,1 prosent), Randaberg (5,8 prosent),  Tysvær (5,7 prosent) og Klepp (5,7 prosent). Lågast legemeldt sjukefråvær er det på Utsira (2,5 prosent), Hjelmeland (3,5  prosent)  og på Rennesøy (4,5 prosent).      

Næringsgrupper

Det er i 4 kvartal 2017 store variasjonar mellom næringsgruppene i utvikling av sjukefråværet. Samanlikna med 4 kvartal 2016 auka fråværet med 14,0 prosent innan elektrisitet-, vann og renovasjon, og med 11,6 prosent innan undervisning. Innan finansierings- og forsikringsverksemd  og omsetning og drift av fast eigedom gjekk det legemeldt sjukefråværet ned med høvesvis 8,5 prosent og 11,6 prosent samanlikna med 4 kvartal 2016.      

Sjå vedlagt statistikk over legemeldt sjukefråvær i Rogaland under relatert informasjon til høgre på sida.