Publisert 21. april 2020|Oppdatert 21. april 2020
36 128 personar er for augeblikket registrert som arbeidssøkjarar hos NAV i Rogaland. 24 266 av dei er heilt utan arbeid per. 21. april. Det utgjer 9,6 prosent av arbeidsstyrken i fylket og er ein oppgang på 0,1 prosent samanlikna med førre publisering av tal på arbeidsløyse, den 7. april.
11 018 personar er registrert som delvis ledige i fylket nå. Det er 265 færre enn ved førre oppdatering, viser ferske tal frå NAV.
– Arbeidsløysa i Rogaland har dei siste vekene vore på eit rekordhøgt nivå, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.
– Myndigheitene opnar no gradvis opp på tiltakane, og da håper og trur vi at arbeidsløysa i enkelte bransjar vil krype nedover igjen, som for eksempel innan butikk og salsarbeid, seier Haftorsen.
Det er framleis ei stor overvekt av permitterte arbeidssøkjarar.
– Vårt inntrykk er at arbeidsgjevarar planleggar for å tilbakekalle tilsette når situasjonen tillèt dette.
Størst arbeidsløyse i Haugesund
Haugesund har høgast arbeidsløyse i Rogaland med 11 prosent av arbeidsstyrken. Stavanger og Sandnes har en del på helt arbeidslause på høvesvis 10,5 prosent og 10,4 prosent. Sola er einaste kommune forutan om dei største byane, som har ein arbeidsløyse på over 10 prosent.
KommuneoversiktAndel av arbeidsstyrken | 7. april 2020 | 21. april 2020 |
Eigersund | 10,0 | 9,7 |
Stavanger | 10,4 | 10,5 |
Haugesund | 11,0 | 11,0 |
Sandnes | 10,3 | 10,4 |
Sokndal | 6,2 | 5,8 |
Lund | 5,8 | 6,8 |
Bjerkreim | 6,3 | 6,4 |
Hå | 7,2 | 7,1 |
Klepp | 8,8 | 8,7 |
Time | 8,5 | 8,3 |
Gjesdal | 8,9 | 9,6 |
Sola | 10,1 | 10,1 |
Randaberg | 9,6 | 9,3 |
Strand | 8,6 | 8,3 |
Hjelmeland | 6,4 | 6,5 |
Suldal | 5,0 | 5,4 |
Sauda | 5,1 | 4,8 |
Kvitsøy | 3,6 | 2,9 |
Bokn | 5,5 | 5,3 |
Tysvær | 8,7 | 9,1 |
Karmøy | 8,3 | 8,3 |
Utsira | * | 4,8 |
Vindafjord | 7,5 | 7,8 |