Publisert 9. juni 2020|Oppdatert 2. oktober 2020
Tysdag 9. juni er det registrert 27 514 arbeidssøkarar i Rogaland. Det er 1 501 færre enn for ei veke sidan og utgjer 10,8 prosent av arbeidsstyrken i Rogaland.
14 241 personar er heilt utan arbeid i Rogaland. Det er 5,6 prosent av arbeidsstyrken og er ein reduksjon på 887 personar den siste veka. Talet delvis arbeidslause forset å falle, noko som har vært trenden den siste snaue månaden. No er 12 498 personar delvis utan jobb. Det er ein del 4,9 prosent og er 625 færre personar samanlikna med sist veke.
Utviklinga dei siste vekene følger same mønster, og nedgangen skuldast færre permitterte.
– Arbeidsløysa faller både blant dei heilt utan jobb, dei delvis arbeidslause, og i alle yrkesgrupper. Næringane reiseliv og transport, og butikk- og salsarbeid har hatt svært høg arbeidsløyse og det er positivt at den største nedgangen er å finne i desse yrkesgruppene, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.
Sola er framleis kommunen med høgast del helt utan jobb. Pr. 9. juni er 6,7 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid. I Stavanger, Haugesund og Sandnes er delen heilt utan arbeid på høvesvis 6,4 prosent, 6,3 prosent og 6,0 prosent av arbeidsstyrken. Haugesund, Sandnes og Gjesdal er kommunane med høgast del delvis utan arbeid med 5,5 prosent.
– Koronaviruset løyste ut ein historisk høg arbeidsløyse i Rogaland, men som nå er på veg nedover igjen. 10,8 prosent av arbeidsstyrken i fylket er enten heilt eller delvis utan arbeid. Det vil ta lang tid før vi vil være tilbake på eit nivå i arbeidsløysa som vi hadde før koronasituasjonen ramma oss, seier Haftorsen.