– Talet arbeidssøkarar registrert hos oss har gått ytterlegare ned den siste veka. Sidan 1.september har arbeidsløysa blant dei heilt utan arbeid vorte redusert med 1085 personar, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.

9869 personar står registrert som heilt utan arbeid medan 7328 personar er delvis utan arbeid. Dette utgjer 3,9 og 2,9 prosent av arbeidsstyrken.

– Arbeidsløysa har gått jamt og trutt nedover veke for veke sidan vi nådde toppen i slutten av mars. No går det likevel litt saktare nedover, noko som er heilt som forventa, seier Haftorsen.

Reiseliv og transport har høgast arbeidsløyse

Arbeidsløysa er størst i bransjane reiseliv og transport, industriarbeid, bygg og anlegg og butikk og salsarbeid. Alle yrkesgrupper opplever likevel nedgang eller at det er stabilt.

– Dette er same trend som resten av Noreg. Særleg Stavanger-regionen er hardt ramma av høg arbeidsløyse innanfor reiseliv og transport, seier Haftorsen.

Stavanger og Sola er framleis kommunane med høgast arbeidsløyse. 4,5 prosent er heilt arbeidslause i desse kommunane. Sandnes har ein del på 4,3 prosent, medan Haugesund har 4,0 prosent.