Tysdag 13. oktober var det registrert 9401 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Det utgjer 3,7 prosent av arbeidsstyrken. Snittet for Noreg er 3,6 prosent. 6831 personar er delvis arbeidslause, tilsvarande 2,7 prosent av arbeidsstyrken. 858 personar går på arbeidsretta tiltak (0,3 prosent). 

– Hittil i oktober har det vore ein positiv utvikling i arbeidsløysa i Rogaland. Talet på både heilt arbeidslause og delvis arbeidslause er på veg nedover, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen. - Samanlikna med førre veke er det ein reduksjon i arbeidsløysa eller ein stabil utvikling for alle aldersgrupper og yrkesgrupper, fortel ho.

Høgast arbeidsløyse i Stavangerregionen

Sola, Stavanger og Sandnes er framleis kommunane med høgast del heilt arbeidslause i fylket med høvesvis 4,5 prosent, 4,2 prosent og 4,2 prosent av arbeidsstyrken. På Haugalandet ligg Haugesund høgast med 3,9 prosent. Lågast del heilt arbeidslause i Rogaland har Bokn og Sauda med høvesvis 0,9 prosent og 1,5 prosent av arbeidsstyrken.

Status for arbeidsløyse i Rogaland, veke for veke:

Status antall personar: 22.09.2020 29.09.2020 06.10.2020 13.10.2020
Heilt utan arbeid  9869  9759 9544   9401
Delvis utan arbeid  7328   7138 7031  6861
Arbeidssøkarar på tiltak  803   836 836 858

 

Status i prosent av arbeidsstyrken 22.09.2020 29.09.2020 06.10.2020 13.10.2020
Heilt utan arbeid  3,9 3,8 3,7  3,7
Delvis utan arbeid 2,9 2,8 2,7 2,7
Arbeidssøkere på tiltak  0,3 0,3 0,3 0,3