– Utviklinga av arbeidsløysa i Møre og Romsdal har vore god i september 2019. Den siste månaden er det blitt 283 færre arbeidslause. Justert for vanlege sesongsvingingar er nedgangen den siste månaden på 59 personar. Arbeidsløysa på søre Sunnmøre har dei siste åra vore høgare enn for resten av fylket. Spesielt gjeld dette for dei ytre kommunane som blei spesielt hardt råka av nedturen i den oljerelaterte sektoren. Framleis er det utfordringar, blant anna har Kleven og Kongsberggruppa varsla reduksjon i arbeidsstokken. Trass det har utviklinga i området vore bra det siste året med ein reduksjon i arbeidsløysa på over 17 prosent, seier direktør Stein Veland.

– NAV arrangerer ei jobbmesse i Herøyhallen 1. oktober. Der kjem det meir enn 40 bedrifter for å finne arbeidskraft. Det viser at fleire bedrifter på søre Sunnmøre har rekrutteringsbehov. Det å lage slike møteplassar for bedrifter og arbeidssøkjarar har vist seg å ha god effekt, så dette ser vi fram til, avsluttar Veland.

Pressemelding om arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal for september 2019

Pressemelding om arbeidsmarknaden for heile landet for september 2019