– Den sesongjusterte arbeidsløysa gjekk opp med rundt 30 personar frå juli til august. Det vil seie at arbeidsløysa har vore omtrent lik dei siste månadene frå april og fram til i dag. Det tyder på at arbeidsmarknaden har stabilisert seg etter ei nær samanhengande betring sidan arbeidsløysa var på topp i starten av 2017, seier direktør Stein Veland.

– I etterkant av dei store utfordringane som dei oljerelaterte næringane opplevde for nokre år sidan, var det størst auke i arbeidsløysa blant menn. Dette har no snudd. I januar 2017 var 4,6 prosent av mennene i arbeidstokken arbeidslause, medan det tilsvarande talet for kvinner var 2,4 prosent. No er arbeidsløysa for begge kjønn 2,2 prosent, avsluttar Veland.

Pressemelding om arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal for august 2019

Pressemelding om arbeidsmarknaden for heile landet for august 2019