– Vi har hatt ei god utvikling av arbeidsløysa i Møre og Romsdal hittil i 2019. I januar hadde vi omtrent same arbeidsløyse her som i landet, medan vi no har 0,13 prosentpoeng lågare. Samanlikna med same tid i fjor har vi ein reduksjon på nesten 10 prosent, medan landet totalt har omtrent same arbeidsløysa no som for eit år sidan, seier direktør Stein Veland.– NAV si bedriftsundersøking fortel oss at 25 prosent av bedriftene ventar ei auke i arbeidsstokken. Samtidig kjem det fram i undersøkinga at mangelen på arbeidskraft er dobla det siste året. Dette styrkar trua vår på at arbeidsløysa vil halde seg låg, og kanskje reduserast ytterlegare, i månadane framover. Me har no ei god anledning til å følgje opp regjeringas inkluderingsdugnad, slik at fleire av dei som står utanfor arbeidslivet kan kome i arbeid. Det vil gjere godt for den einskilde, verksemda, lokalmiljøet og for storsamfunnet, seier Veland.

Pressemelding om arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal for mai 2019

Pressemelding om arbeidsmarknaden for heile landet for mai 2019