– Korrigert for normale sesongsvingningar har det dei to siste månadane blitt 148 færre ledige i Møre og Romsdal, noko som er ei betre utvikling enn i resten av landet, seier direktør Stein Veland.– Nedgangen i arbeidsløysa held fram på søre Sunnmøre. Der er den 2,3 prosent, same som på ytre Nordmøre. I fylket elles er arbeidsløysa så låg at næringslivet har aukande utfordringar med å rekruttera arbeidskraft med ønska kompetanse.– Vi gjer no mykje godt med inkluderingsdugnaden i heile fylket. I oktober 2019 har vi 859 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 40 fleire enn i oktober 2018. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 469 personar i fylket, avsluttar Veland.

 

Pressemelding om arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal for oktober 2019

Pressemelding om arbeidsmarknaden for heile landet for oktober 2019