– Samanlikna med landet har vi hatt ei noko betre utvikling i denne perioden frå 2017, og figuren nedst til venstre syner at vi nå har same arbeidsløyse her som i landet. Dette, som også kom fram i NAV si bedriftsundersøking, gjer at mange bedrifter får større vanskar med å rekruttere arbeidskraft. Det igjen gjer at det blir større rom for NAV å hjelpe personar som har ulike utfordringar ut i jobb. Det gjeld blant anna ungdom, langtidsledige, innvandrarar og personar med ulike helseutfordringar. Om marknaden held seg som nå framover trur eg vi vil greie å hjelpe fleire ut i jobb, og gjennom det bidra til at arbeidsløysa fortsatt får ei god utvikling, seier Veland.

Heile pressemeldinga frå NAV Møre og Romsdal for mai 2018 kan du lese HER

Pressemelding for heile landet med lenker til bakgrunnsmateriale finn du HER