– Den gode trenden med redusert arbeidsløyse gjennom 2017 held fram i 2018. Vi har 300 færre arbeidslause samanlikna med januar. Grafen under for sesongjusterte tal viser at vi har hatt ein tilnærma samanhengande reduksjon i arbeidsløysa sidan januar 2017, seier fylkesdirektør Stein Veland.

– Den siste månaden har vi og hatt god utvikling i fleire av kommunane med høgast arbeidsløyse. Kristiansund har sidan januar redusert arbeidsløysa med 41, medan kommunane Hareid og Ulstein har redusert arbeidsløysa med til saman 38 i same periode. Likevel ser vi at til dømes Herøy ikkje har hatt endring i arbeidsløysa siste månaden, seier Veland.

Heile pressemeldinga frå NAV Møre og Romsdal for februar 2018 kan du lese HER

Pressemelding for heile landet med lenker til bakgrunnsmateriale finn du HER