Kommunen skal melde frå til NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, når det er behov for utlevering, tilbakelevering eller reparasjon av tekniske hjelpemiddel som kan innebere fare for overføring av allmennfarleg smittsam sjukdom. 

Kommunehelsetenesta skal merke hjelpemiddel som kan vere smittefarlege.

Viss eit smittefarleg hjelpemiddel skal resirkulerast, er det kommunehelsetenesta si oppgåve å desinfisere hjelpemiddelet, før det går i retur til hjelpemiddelsentralen for gjenbruk.