Endringar for å førebygge koronasmitte

Det er endringar i tenestetilbodet ved NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, som følgje av koronasituasjonen.

NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen, held inntil vidare stengt for besøkande som ikkje har timeavtale. Telefontid er kl 10-14 alle kvardagar. 

Hjelpemiddelsentralen i Førde er open.

Inngangsdørene ved begge sentralane er låste i opningstida, og besøkande melder seg via telefon eller dørklokke. Sjå informasjon om opningstider og telefonnummer under Relatert innhold.

Alle gjester vert registrerte med namn og kontaktinformasjon. Opplysingane skal nyttast dersom det oppstår behov for smittesporing.

Unntak frå krav om signatur

Fram til 1. mars 2021 gjeld unntak frå kravet om signatur på skjema. Unntaket gjeld for:

  • søknad om tekniske hjelpemiddel
  • bestilling av hjelpemiddel på bestillingsordninga
  • hjelp til vurdering og utprøving av tekniske hjelpemiddel
  • kommunen sin underskrift ved utlevering av hjelpemiddel

Det er inga endring i saksgangen for søknader og bestillingar, utover unntaket frå krav om signatur. Skjema skal sendast til NAV Skanning på vanleg måte, sjølv om dei ikkje er signerte av brukaren. 

Les meir i eigen artikkel om signatur på skjema

Tilbakelevering av hjelpemiddel

Kommunane har ansvar for at hjelpemiddel som skal i retur til hjelpemiddelsentralen, er smittefri. Hjelpmiddel som kan ha vore utsett for smitte, skal desinfiserast før dei vert lasta på bil.

I Bergensregionen skal alle hjelpemiddel desinfiserast før dei vert sende i retur, på grunn av auka koronasmitte i regionen. Kommunar med høgt smittenivå må la hjelpemiddel stå i 5 dagar ute i kommunen, før hjelpemidla vert sende med transport til hjelpemiddelsentralen.

Ta kontakt med oss for eiga rutine, ved påvist smitte med covid-19.

Her finn du ordinær rutine for levering av hjelpemiddel med smittefare.

Av smittevernhensyn er det viktig at all transport og levering av hjelpemiddel, går med kommunal transport.

Ta ut puter i rullestolar, før de sender stolane til oss. Lat putene ligge hos brukaren viss stolen skal til reparasjon, eller kast dei viss hjelpemiddelet skal inn til gjenbruk. Viss putene vert kasta, er det viktig at de skriv dette på innleveringsskjemaet, når de sender stolen i retur. 

Utlevering av delar og tilbehøyr

I Bergen må servicepersonell som treng delar og tilbehøyr, sende e-post og gjere avtale om tidspunkt for henting.

Send e-posten til nav.hot.vestland.bergen.delelager@nav.no.

Utprøvingar og brukarmøter

Vi gjennomfører i utprøvingar så langt det lar seg gjere. Vi følgjer strenge smittevernrutiner under utprøvingane. Der det er mogleg, nyttar vi telefon- og digitale løysingar.

Terapeutar kan for tida ikkje bruke utprøvingsrom på eiga hand, utan at rådgjevar frå hjelpemiddelsentralen er til stades.

Ventetid for rådgjeving

I Bergen har rådgjevingsavdelinga auka ventetid på fleire hjelpemiddelområde.  

  • Elektrisk rullestol (ERS) har 2 månader ventetid frå henvisning kjem til hjelpemiddelsentralen, til avtale er på plass.
  • Hjelpemiddel til born har omlag 5 veker ventetid.
  • Det er aukande ventetid i bustadsaker.

For å sikre at rådgjevarane får nytta tida best mogleg, ber vi om følgjande:

  • Unngå å purre på ei sak - det tek ekstra tid frå saksbehandlinga.
  • Bruk hjelpemiddelsentralen sin felles e-postadresse når de sender e-post.
  • Bruk tenesta «utprøvingslån», når det kan vere ein hensiktsmessig løysing (gjeld ERS).
  • Viss du er usikker på om det trengst henvisning, kan du kontakte oss på telefon - saka kan kanskje løysast uta henvisning (gjeld ERS).

Sjå informasjon om opningstider og telefonnummer under Relatert innhold.

Reparasjonar og periodisk ettersyn

Førde gjennomfører periodisk ettersyn (PE) og reparasjonar som normalt. 

I Bergensregionen må kommunar med høgt smittenivå, la hjelpemiddel stå i 5 dagar ute i kommunen, før hjelpemidla vert sende med transport til hjelpemiddelsentralen. Hjelpemidla skal desinfiserast, før dei vert sende frå kommunen.

I Bergen vil reparasjonar ta vesentleg lenger tid enn vanleg. Akutte reparasjonar, tilpassing og klargjering vert prioritert. Reperasjonar som kan vente, vil bli prioritert deretter.

Bergen følgjer plan for PE som er sendt ut tidlegare, og prioriterer i første omgang trappeheiser, elektriske rullestolar og takheisar i private heimar. Vi tek strengt omsyn til smittevern. Dersom personar ikkje ynskjer PE slik situasjonen er no, kan vi utsetje til eit seinare tidspunkt.

I situasjonar med akutt behov for hjelp, kan ein ta kontakt med akuttvakta på vanleg måte. Det vil bli teke vurderingar av risiko for smitte. 

Personar som er i risikogruppe eller har symptom på sjukdom, bør vente med å ta kontakt, slik at vi unngår fare for smitte.

Tolkehjelp for døve, døvblitte og høyrselshemma

Vi formidler tolkehjelp via skjerm når det er mogleg. Når skjermtolking ikkje er mogleg kan det nyttast oppmøtetolk, så sant det er forsvarleg med omsyn til smittevern.

Ta kontakt med tolkeformidlinga, så finn vi den beste løysinga.

Her finn du kontaktinformasjon for tolkeformidlinga.

Kurs og samlingar

Dei fleste kursa våre vil gå som webinar i tida framover.

Sjå kurskalenderen for oversikt over kurstilbodet.

Leverandørar og leveringstid

Leverandørar av hjelpemiddel har tidlegare meldt om forseinkingar i produksjon og levering. Dette har blitt betre, men vi opplever framleis periodevis stans i levering av ulike produkt.

Følg med på endringar

På alle område kan det komme endringar. Både føringar frå myndigheiter og tiltak i kommunane, vil kunne påverke drift og tenestetilbod på hjelpemiddelsentralen.

Denne artikkelen vil bli oppdatert med informasjon om nye eller endra tiltak.

Les òg informasjon på sentrale sider om hjelpemiddel.

Vi ynskjer alle det beste, i tida som ligg framfor oss.