NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen, har eigne skjema for bestilling av delar og for reparasjon og demontering. Kvart skjema inneheld rettleiing til utfylling.

Utfylt skjema skal sendast til e-postadressa som er oppgitt på skjemaet.

Bestilling av delar

Her finn du skjema for bestilling av delar (docx)

Send skjemaet på e-post til nav.hot.vestland.bergen.delelager@nav.no

Skjemaet skal nyttast ved utskifting av defekte/øydelagde delar. 

Når det trengst nye delar eller tilbehør til hjelpemiddel som allereie er leverte ut, skal det sendast ny søknad.

Bestilling av reparasjon eller demontering

Her finn du skjema for reparasjon og demontering (docx)

Send skjemaet på e-post til nav.hot.vestland.bergen.teknisk@nav.no

Byte av hjelpemiddel

Her finn du skjema for byte av hjelpemiddel, som ligg i søknadsrettleiaren på nav.no.

Skjemaet skal berre nyttast til hjelpemiddel som det tidlegare er søkt på. Det skal ikkje nyttast ved behov for delar.

Meld frå om uhell

Viss det skjer uhell ved bruk av hjelpemiddel som er utlånte frå NAV Hjelpemiddelsentral, er det viktig å melde frå så snart som mogleg.

Her ser du korleis du går fram når du skal melde frå om uhell.

Personvern

Send ikkje sensitiv informasjon i e-post eller på telefaks, til dømes opplysningar om helseforhold eller diagnosar, jf. personopplysningslova § 2 nr. 1 og nr. 8. Hugs at ikkje-sensitive opplysningar kan gje eit sensitivt resultat når ein set saman ulike personopplysningar eller nyttar dei i ein spesiell samanheng.