Lokale skjema
Lokale skjema for NAV Hjelpemiddelsentral Vestland.
Digital delebestilling
For ein del hjelpemiddel er det no mogleg å bestille delar digitalt. For delar som ikkje er omfatta av ordninga, må du framleis bruke lokalt skjema.
Du kan lese meir om digital bestilling av delar på sentrale sider på nav.no.
Lokale skjema for Førde
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Førde har oppretta ei Teams-gruppe for samarbeid mellom hjelpemiddelsentralen og kommunen. Her ligg dei lokale skjema for Førde.
Du kan også få tilsendt skjema frå Førde ved å sende e-post til nav.hot.vestland.forde@nav.no.
For å sende inn eit lokalt skjema, må du skrive ut og legge ved ei førsteside. Send skjemaet og førstesida til adressa som står på framsida av førstesida.
Lokale skjema for Bergen
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen, har eige skjema for bestilling av delar og for bestilling av reparasjon og demontering.
Bestilling kan ikkje gjerast på telefon, telefaks eller e-post.
Bestilling av delar (Bergen)
Bestilling av delar skal berre brukast ved utskifting av defekte/øydelagde delar. Når det trengst nye delar eller tilbehøyr til hjelpemiddel som allereie er leverte ut, skal det sendast ny søknad.
Hugs at stadig fleire delar no kan bestillast digitalt.
Skjemaet må skrivast ut og leverast til hjelpemiddelsentralen eller sendast med brevpost til NAV Hjelpemiddelsentral Vestland Bergen, Postboks 121 Kokstad, 5863 Bergen.
Bestilling av reparasjon eller demontering (Bergen)
Skjemaet må skrivast ut og leverast til hjelpemiddelsentralen eller sendast med brevpost til NAV Hjelpemiddelsentral Vestland Bergen, Postboks 121 Kokstad, 5863 Bergen.
Det er viktig at hjelpemiddel som blir sende til hjelpemiddelsentralen for reparasjon, er godt emballerte og merkte. Det er med på å gjere transporten sikker og reparasjonstida kortare.
Småhjelpemiddel og hjelpemiddel innan sansetap som skal sendast til reparasjon, skal vere godt emballerte og ha korrekt merking. Bruk gjerne original emballasje eller tilsvarande.
Når småhjelpemiddel blir sende med kommunal transport, skal hjelpemidla leggast i konvolutt eller plastlomme saman med fraktbrev eller teknikkskjema. I tillegg skal dei merkast med gul lapp.
Søknad og skjema på nav.no
Nasjonale skjema som gjeld hjelpemiddel og tilrettelegging ligg på nettsida ‘Søknad og skjema’ på nav.no. Her finn du mellom anna skjema for byte av hjelpemiddel.
Her finn du finn søknadar og skjema for hjelpemiddel og tilrettelegging på nav.no.
Meld frå om uhell
Viss det skjer uhell ved bruk av hjelpemiddel som er utlånte frå NAV Hjelpemiddelsentral, er det viktig å melde frå så snart som mogleg.
Her ser du korleis du går fram når du skal melde frå om uhell.
Personvern
Send ikkje sensitiv informasjon i e-post eller på telefaks, til dømes opplysningar om helseforhold eller diagnosar, jf. personopplysningslova § 2 nr. 1 og nr. 8. Hugs at ikkje-sensitive opplysningar kan gje eit sensitivt resultat når ein set saman ulike personopplysningar eller nyttar dei i ein spesiell samanheng.