NAV Hjelpemiddelsentral og kommunen har ulike rollar i arbeidet med å formidle hjelpemiddel til brukarane. For at brukarane skal få den hjelpa dei treng, samarbeider NAV og kommunen om å utvikle tenestene sine.

Alle kommunar har minst ein kontaktperson for samarbeidet med NAV Hjelpemiddelsentral.

I 2020 fikk kommunane i fylket nye kommunenummer. Vi får dessverre ikkje statistikk på gamle kommunenummer, og det vil difor ikkje bli lagt ut kommunestatistikk for 2019.