Dekket på rullestolen min har punktert

Kommunen foretar byte av dekk. Ta kontakt med ergoterapeut eller servicepersonell i din heimkommune.

Trappeheis Flow 2 blinkar raudt på armstøa

Prøv å byte batteri i armstøa.
Batteritype: 2 stk. LR14 (C).

EPI alarm Emfit løyser ut, utan at brukaren er til stades

Prøv å byte batteri i kontrollboksen.
Batteritype: 2 stk. AA batteri.

Rullestolen går med låg fart

Sjekk at setet er heilt nede.

Flexiblink lampe (evt isbjørn) blinkar heile tida 

Skift batteri i sendaren. Symbolet som blinkar indikerar kva for batteri som må bytast. Test dørklokke eller telefon etter batteribyte.
Batteritype: 1 stk. 9V batteri.

Personløftaren Molift (frittståande) verkar ikkje

Sjekk at søylen på heisen er montert korrekt. Søylen må vere heilt på plass for at personløftaren skal virke. Ta eventuelt kontakt med ergoterapeut eller servicepersonell for å få retta feil.

Pipesignal i sengen Opus

Reset senga, sjå brukarmanualen.

Pipesignal i løftestolen Hepro

Reset stolen, sjå brukermanualen.

Madrasspumpa går utan stans

Sjekk at CPR ikkje er open eller lekker. CPR er som regel ein raud ventil i hjørnet av madrassen.
Sjekk slangene.

Rullestolen min blinkar og vil ikkje gå

Sjekk at stolen ikkje er frikopla, sjå brukarmanualen.

Tilbake til "Reparasjon og byte av hjelpemiddel"