Habilitering og rehabilitering skal bidra til at menneske med funksjonsnedsettingar eller kronisk sjukdom oppnår best mogleg sjølvstende, evne til funksjon og meistring, og høve til deltaking sosialt og i samfunnet elles.

Kommunen har hovudansvaret og den viktigaste koordinerande rolla i habiliteringsarbeidet. Kommunen kartlegg brukaren sitt totalbehov, og behovet for hjelpemiddel. Kommunen har ansvar for utgreiing, opplæring i bruk, oppfølging, tilpassing, montering og enklare service og reparasjon av hjelpemiddel, og legg til rette med ergonomiske tiltak.

Kommunane i Hordaland har etablert Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT), som skal gi bistand til personar med dokumentert syns- og høyrselstap, uansett alder. Bistanden kan gis i form av råd og rettleiing til brukarar, føresette, lærarar, personale i barnehagar og skular, helsepersonell og arbeidsgjevarar. SAPT kan òg gi hjelp ved praktisk eller teknisk tilrettelegging, jmf SAPT sin årsplan 2015.

SAPT er ei interkommunal teneste med eige styre, som skal sikre syns- og audiopedagogisk kompetanse der kommunar og fylkeskommune ikkje har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.

Kven har ansvar for utlevering, tilpassing og reparasjon av hjelpemiddel?

Kommunen sitt ansvar omfatter alle ledd i formidlingsprosessen. Ansvaret omfatter avdekking og utgreiing av behov for hjelpemiddel, nødvendig utprøving av hjelpemiddel, hjelp med å fylle ut skjema, tilpassing, montering og enklare service og reparasjon. NAV Hjelpemiddelsentral bistår kommunane i kompliserte saker. 

Kortvarig behov for hjelpemiddel

Kommunen har ansvar for for tekniske hjelpemiddel på korttidsutlån (under to år). Korttidshjelpemiddel blir rekvirerte av heimesjukepleie eller ergo- og fysioterapiteneste. Tenesta er gratis.

Rettleiar for tekniske tenester

For å klargjere ansvar, rutinar og tidsfristar for reparasjonar og tekniske tenester på hjelpemiddel som er utleverte frå NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen, har vi utarbeidd Serviceretttleiar.

Rettleiaren er eit vedlegg til samarbeidsavtalen med kommunen, som definerer ansvar og oppgåver for kommunen og for NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen.

Tilbake til "Ofte stilte spørsmål om hjelpemiddel"