Brukaren, ved kommunal terapeut, pliktar å melde frå om uhell ved bruk av hjelpemiddel som er lånte ut frå NAV.

Det skal meldast frå, utan unødig opphald, om hendingar som kan henge saman med bruk av medisinsk utstyr og som har ført til, eller kunne ha ført til, død eller alvorlig forverring av helsetilstanden til ein pasient, brukar eller annan person.

Hjelpemiddelet skal omgåande leverast til NAV Hjelpemiddelsentral. Produktet skal merkast med gull lapp og 'uhell'.

Ved dødsfall, ring NAV Hjelpemiddelsentral Vestland snarast mogleg etter ulykka, på telefon 407 02 812.

Rapport skal sendast seinast påfølgjande dag på e-post til nav.hjelpemiddelsentral.hordaland@nav.no

Emnefelt: Uhell med hjelpemiddel.

Rapporten må innehalde informasjon tilsvarande desse punkta: 

  • Hending (til dømes kollisjon, utforkøyring, velt, fall, påkøyrsel eller liknande)
  • Produktnamn (sølvlapp)
  • HMS artikkelnummer
  • Serienummer (sølvlapp)
  • Brukarnummer og/eller fødselsdato
  • Dato og klokkeslett for hendinga
  • Beskriving av hendinga/uhellet
  • Opplysingar om skade på brukaren
  • Kunne hendinga ført til forverra helsetilstand hos brukaren?
  • Kan hjelpemiddelet brukast etter kontroll/byte?
  • Er brukaren i stand til å bruke hjelpemiddelet vidare?
  • Har brukaren behov for same hjelpemiddel?

Legg ved bilete som dokumentasjon.

Rapporten skal ikkje innehalde personopplysingar. 

Hvis brukaren sitt behov er endra, må det sendast ny søknad, eller hjelpemidlet må leverast inn med skjema for innlevering.

Bistand til pårørande

Etter hendingar som kan henge saman med bruk av medisinsk utstyr og som har ført til, eller kunne ha ført til, død eller alvorlig forverring av helsetilstanden til ein brukar, skal kommunen undersøke med pårørande til brukaren, om NAV Hjelpemiddelsentral skal bistå med oppfølging.

Meld inn behovet i samband med rapportering; skriv "Behov for samtale med pårørande".