Folketrygden dekker meirutgiftene/ekstrautgiftene brukaren har på grunn av ein funksjonsnedsetting, jamfør folketrygdlova vedlegg 7 til ftrl § 10-7 a, c, d: "Utgifter til nødvendige utmålinger og tilpasning av stønadsberettigede kontaktlinser kan dekkes. Vanlig synsprøve dekkes ikke".

Det er altså meirkostnadene knytt til tilpassing/utmåling av linser frå folketrygda, som kan dekkast. Dette må spesifiserast i søknad. Synsprøve, vanleg opplæring og etterkontroll vert ikkje dekt, fordi dette er noke alle som får tilpassa linser har behov for. Men det som leier til ekstra tid og dermed ekstra kostander utover vanleg linsetilpassing, kan dekkast av NAV.

Når det gjeld kontroller, vert ikkje ordinære linsekontroller som ikkje leier til endring av linsetype dekt. Til dømes vil ein liten styrkeforandring som ikke medfører ekstra tid og ekstra kostnader, ikkje dekt. Men i tilfelle som er meir kompliserte og krever mer tid, kan brukaren søke om stønad til meirkostnaden. 

Prisoverslag

Det må sendast prisoverslag saman med søknaden. Der må kostnad og tidsbruk spesifiserast. Det er viktig at det går tydeleg fram kor mykje tid som er brukt i kvar sak. Det  kan ikkje førast opp "pakkeløysingar" eller framtidige kostnader.