Søknad

Det må sendast søknad med grunngjeving når nokon treng kontaktlinser som hjelpemiddel.

Søknadsskjema for synshjelpemiddel ligg på nav.no.

Dette er viktig å hugse når du søker: 

  • Personen må sjølv signere på søknadsskjemaet, eventuelt den som personen har gitt fullmakt. 
  • Epikrise frå augelege skal ligge ved søknaden, som dokumentasjon på diagnose. 
  • I søknaden må fagperson beskrive kva type kontaktlinser søknaden gjeld (månads-/halvtårs-/årslinser, harde/mjuke, sklerale/semisklerale). 
  • Styrke, parameter og kor lenge ein reknar at linsene skal vare må komme tydeleg fram. 
  • Spesifisert pristilbod må leggast ved søknad. Firmanamn med eventuell avdeling må stå på pristilbodet.   Under Relatert innhold kan du sjå døme på oppsett av pristilbod.

Byte av produkt

Skjema for byte kan nyttast når ein person har vedtak på kontaktlinser, og det er behov for nye av same type som samsvarar med normalt bytteinterval. Fagperson må beskrive behovet for byte i skjemaet (til dømes slitasje eller nye styrkar). 

Skjema for byte av hjelpemiddel ligg på nav.no.

Dersom det er behov for nye kontaktlinser utover venta bytteinterval for gjeldande kontaktlinser skal det sendes ny søknad.  

Dersom det er behov for endring i type kontaktlinser, må det sendast ny søknad. 

Ved meirkostnadar knytt til tilpassing av kontaktlinser frå folketrygda, sjå eigen artikkel.